Besøksgard, dyrehage og akvarium
Driv de besøksgard, dyrehage eller akvarium? Her får de oversikt over kva reglar som gjeld.
Innhald på denne sida
- Besøksgard eller open gard?
- De må melde frå før de viser fram dyr
- Dere må ha kunnskap om dyrearten dere viser frem
- Dyrene skal ikke ha kontakt med andre dyr
- Flere regler for besøksgårder og dyrehager
Besøksgardar, dyrehagar og akvarium er eksempel på det som i regelverket heiter "dyrepark". Ein dyrepark er eit fast anlegg der de viser fram dyr for publikum.
Her får de ei oversikt over reglar som skal vareta dyrevelferda og dyrehelsa for dyra i slike anlegg.
Besøksgard eller open gard?
Sjå kva som er forskjellen på besøksgard og open gard.
De driv besøksgard viss
- de baserer dykk på eit tradisjonelt gardsbruk
- hovudintensjonen med drifta er å vise fram eit mangfald av dyr, hovudsakleg husdyr
- de viser fram dyra fast
Andre vanlege nemningar på slike dyrehald er "gardspark", "turistgard" og "husdyrpark".
Viss de berre viser fram dyra av og til, kan det hende de arrangerer open gard i staden.
De må melde frå før de viser fram dyr
De må alltid melde frå til Mattilsynet før de viser fram dyr. I nokre tilfelle må de også søke om løyve til å vise fram dyra.
Kven må melde frå til Mattilsynet?
De må melde frå viss de skal vise fram dyr for publikum i/ved
- dyreparkar (inkluderte dyrehagar, kommersielle akvarium og besøksgardar)
- oppvisingar
- julekrybber
- messer og stands
- utstillingar, stemne, konkurransar marknader og andre dyresamlingar
Under "Regelverk" finn de ei liste over dyreartane som de berre treng å melde frå om. For artane på denne lista treng de ikkje søke om løyve.
Kven må søke om løyve?
Viss de vil vise fram andre dyreartar enn dei på lista under "regelverk", må de søke Mattilsynet først.
Sirkus må søke Mattilsynet om å vise fram dyr før kvar sesong. Dette gjeld uansett dyreart. Vi gir normalt berre gitt løyve til å vise fram dyr av domestiserte artar.
Sjå korleis de søker om løyve til å vise fram dyr i sirkus i Rettleiar til forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr.
Slik søker du
De søker eller melder frå om framvising av dyr på skjemaet "Nytt dyrehald". Mattilsynet må ha meldinga seinast éi veke før framvisinga startar.
Registrere nytt dyrehold
Du registrerer nytt dyrehold ved å logge deg inn i Mattilsynets skjematjeneste og deretter velge skjemaet "Nytt dyrehold" i menyen.
Alternativt kan du ta kontakt med oss på telefonnummer 22 40 00 00.
Dere må ha kunnskap om dyrearten dere viser frem
For å sikre at dyr ikkje blir utsett for unødige påkjenningar når dei blir viste fram, er det eit krav at alle som handterer dyra har tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dette på ein god måte.
De må kunne nok om dyrearten og typen dyrehald til å gi riktig dagleg tilsyn og stell, og vareta behovet til dyra. Er dyra trygge, eller viser dei teikn på stress? Det må den som handterer dyra kunne vurdere.
Kompetanse omfattar også haldningar, økonomisk og praktisk evne, og vilje til å etterleve krava i regelverket. Økonomien må vere god nok til nødvendig veterinærbehandling og eit godt levemiljø for dyra.
Dyrene skal ikke ha kontakt med andre dyr
Det er eigne reglar for å flytte dyr frå besøksgardar. Dyr i dyrehagar kan som hovudregel berre blir flytta til andre dyrehagar. Dyr i sirkus skal ikkje ha kontakt med dyr utanfor sirkuset.
Besøksgardar
Dyr som bur på besøksgardar, har stor kontaktflate med både menneske og dyr. Dette gir risiko for smitte. Derfor skal dyr frå besøksgardar ikkje ha kontakt med andre dyr. De kan flytte dyra til ein annan tilhaldsstad viss dei ikkje kjem i kontakt med andre dyr, og viss de melder frå til Mattilsynet om kor dyra er. De kan også flytte dyra til andre besøksgardar. Hundar, kattar og hestar på besøksgarden kan ha kontakt med andre dyrehald.
Formålet med reglane er å unngå at eventuell smitte hos dyret til besøksgarden blir spreidd til dyrehald som driv næringsretta dyrehald.
Dersom de er i tvil om dyrehaldet dykkar skal definerast som næringsretta eller som ein besøksgard, kan de kontakte Mattilsynet lokalt for å få ei avklaring: Kontakt oss
Dyrehagar
Hovudregelen er at dyr frå dyrehagar berre kan flyttast til andre dyrehagar.
Sirkus
Dyr i sirkus skal ikkje ha kontakt med dyr utanfor sirkuset.
Utanom framvisingssesongen kan dyr frå sirkus flyttast til andre tilhaldsstader, der dei ikkje har kontakt med andre dyr. Dette skal meldast til Mattilsynet.
Hundar og kattar frå sirkus kan ha kontakt med andre dyrehald utanom framvisingssesongen.
Det er forbode å flytte småfe over regiongrenser.
Flere regler for besøksgårder og dyrehager
Det er fleire reglar som gjeld når de viser fram dyr.
Dyrevelferd
Dei viktigaste reglane om dyrevelferd når de viser fram dyr, finn de i lov om dyrevelferd § 26 og i forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr.
Rettleiar til forskrift om dyrevelferd ved framvising av dyr
Dyrehelse
Dei viktigaste reglane om dyrehelse når de viser fram dyr, finn de i dyrehelseforskrifta og landdyrflyttingsforskrifta.