Hobbytransport av dyr

Med hobbytransport siktar ein i all hovudsak til transport som ikkje blir utført i samband med næring, og som ikkje blir gjennomført av transportør som tar seg betalt for tenesta.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Dyrevelferd under transport
  2. Transportmiddel som blir brukte til hest skal vere godkjente
  3. Tilsyn med transport av dyr
  4. Regelverk ved hobbytransport av dyr

Hobbytransport omfattar for eksempel dei fleste typar transport av eigne sports- eller familiedyr. Det er ikkje i seg sjølv avgjerande om det er eigaren sjølv som gjennomfører transporten, men ofte vil transport som blir gjennomført av andre vere ei teneste ein betaler for. I så tilfella er transporten ikkje å betrakte som hobbytransport. Les kva som gjeld for slik transport

Alle som er involverte i transport av dyr skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å gjere dette på ein god og skånsam måte, og i tråd med krava i regelverket.