Overvakingsprogram for paratuberkulose (2024)
Det blei ikkje påvist Mycobacterium avium paratuberculosis i overvakingsprogrammet for paratuberkulose i 2024. Sjukdommen er ikkje påvist hos norske husdyr sidan 2015.
- Kva blei undersøkt?
Det blei tatt 803 avføringsprøver frå storfe og 450 frå geit i anlegget. I tillegg blei to avføringsprøver frå lama og tre frå alpakka analyserte, sjølv om desse artane ikkje inngjekk i utvalet dette året.
Ingen organprøver blei tatt ut ved slakteri i 2024.
- Tidsrom
- 2024
- Kva leita vi etter?
Mycobacterium avium subsp. aratuberculosis
- Kva fann vi?
Alle PCR-analysar av avføringa for påvising av bakterien Mycobacterium avium subsp. aratuberculosis var negative i 2024.
- Kven utførte oppdraget?
Veterinærinstituttet. Mattilsynet stod for prøveuttaket.
- Les rapporten
- Gå til rapporten (vetinst.no)