Overvåkningsprogram for Paratuberkulose
I Norge påvises paratuberkulose svært sporadisk. I 2014 ble bakterien for første gang påvist hos alpakka. Siste påvisning på sau var i 2008, og på geit og storfe i 2015.
Paratuberkulose er ein kronisk bakteriell tarminfeksjon med generelle sjukdomsteikn som avmagring, diaré og nedsett mjølkeproduksjon. Paratuberkulose er forårsaka av bakterien Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis. Drøvtyggarar og kameldyr er spesielt utsette for sjukdommen, men også andre dyreartar kan smittast. Det finst inga behandling mot sjukdommen.
Mattilsynet har sidan 1996 gjennomført eit overvakingsprogram for paratuberkulose hos storfe. Kameldyr, sau og geit har blitt inkludert i overvakinga frå 2000, 2001 og 2002. Overvakingsprogrammet er eit nasjonalt overvakingsprogram, jfr Landdyrforflytningsforskriften § 11 og vedlegget til forskrifta I. Ved å dokumentere fråvær av paratuberkulose har Noreg rett til å krevje testing og isolasjon ved import for å verne denne sjukdomsstatusen. Overvakingsprogrammet gir også moglegheit for å oppdage og kontrollere smitte raskt.
I Noreg blir paratuberkulose svært påvist sporadisk. Siste påvising på sau var i 2008, og på geit og storfe i 2015. I 2014 blei bakterien for første gong påvist hos alpakka. I Europa aukar førekomsten, mens Sverige og Finland er på lik linje med Noreg tilnærma fri for sjukdommen hos storfe.
- Kva blei undersøkt?
Det blei tatt avføringsprøver av storfe og geit.
- Tidsrom
- 2020
- Kva leita vi etter?
Vi leita etter bakterien som forårsakar paratuberkulose; Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis.
- Kva fann vi?
I programmet for 2020 blei det ikkje funne nokon positive besetningar.
- Kven utførte oppdraget?
Veterinærinstituttet. Les heile rapporten (vetinst.no)
- Sammendrag
Mattilsynet har sidan 1996 gjennomført eit overvakingsprogram/nasjonalt kartleggingsprogram for paratuberkulose for storfe. Lama og alpakka blei inkludert i overvakinga i 2000, geiter i 2001 og sau i 2002. Formålet med denne overvakinga er å dokumentere fråvær av denne sjukdommen.
I overvakingsprogrammet for 2021 blei det ikkje påvist paratuberkulose i nokon av prøvene som blei undersøkte.
- Kva blei undersøkt?
Det blei tatt avføringsprøver av storfe og kameldyr (lama og alpakka).
- Tidsrom
- Hele året
- Kva leita vi etter?
Vi leitar etter bakterien som forårsakar paratuberkulose, Mycobacterim avium subsp. paratuberculosis. Paratuberkulose er ein kronisk bakteriell tarminfeksjon. Drøvtyggarar og kameldyr er spesielt utsette for sjukdommen, men også andre dyreartar kan smittast. Det finst inga behandling mot sjukdommen.
- Kva fann vi?
I programmet for 2021 blei avføring frå 931 storfe og 259 kameldyr undersøkte for paratuberkulose. Det blei ikkje påvist paratuberkulose i nokon av desse prøvene.
Heile rapporten kan du lese her: Paratuberkulose hos storfe, sau, geit og kamelidar (vetinst.no)
- Kva blei undersøkt?
Det blei tatt 803 avføringsprøver frå storfe og 450 frå geit i anlegget. I tillegg blei 2 avføringsprøver frå lama og tre frå alpakka analysert, sjølv om desse artane ikkje inngjekk i utvalet dette året.
Ingen organprøver blei tatte ut ved slakteri i 2024.
- Tidsrom
- 2024
- Kva leita vi etter?
Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis.
- Kva fann vi?
Alle PCR-analysar av avføringa for påvising av bakterien Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis var negative i 2024.
- Kven utførte oppdraget?
Veterinærinstituttet. Mattilsynet stod for prøveuttaket.
Paratuberkulose hos storfe, sau, geit og kamelidar (vetinst.no)