Munn- og klauvsjuke påvist i Tyskland – råd til deg som skal jakte i utlandet

Det er påvist munn- og klauvsjuke (MKS) i eit dyrehald med vassbøflar i Brandenburg, like utanfor Berlin nord-aust i Tyskland. Det er innført jaktforbod i det aktuelle området. Du som jaktar i utlandet, må vere ekstra påpasseleg med å ikkje dra med smitte til Noreg.

Publisert

MKS er ein svært alvorleg og svært smittsam sjukdom hos dyr. Den rammar klauvdyr som sau, geit, storfe, svin, tamme og ville hjortedyr. MKS smittar ikkje til menneske.

Unngå å ta med smitte til Noreg når du jaktar i utlandet

For å unngå smitte til Noreg, er det svært viktig å vaske og desinfisere alt utstyr og klede som du har brukt på jakt. Støvlar brukt i område med dyresjukdom kan bere med seg smitte, sjølv om ein ikkje har vore i nærleiken av eit dyr som er sjukt.

Slik kan du unngå å ta med smitte til Noreg:

  1. Vask og desinfeksjon av klede og skotøy
    Klær og skotøy som er nytta på jakt eller ved annan ferdsel i naturen i utlandet, bør vaskast og desinfiserast for å unngå å dra smitte inn i Noreg. Ikkje ta med deg klede og skotøy som ikkje kan vaskast og desinfiserast, på jakt i utlandet. Du bør vaske og desinfisere klede og skotøy før du reiser heim. Viss dette ikkje er mogleg, må du pakke alt som er brukt under jakta i tette plastposar, og du bør vaske og desinfisere rett etter du kjem heim.

    Fjern all synleg forureining først. Deretter må  du vaske klede og skotøy i vaskemaskin på minst 60 grader, helst 70 grader, med eigna vaskemiddel på eit vanleg program (ikkje kortprogram). Viss klede og skotøy ikkje kan vaskast ved høg nok temperatur, kan du i tillegg til vask legge det i desinfeksjonsvæske, t.d. 2 % Virkon S eller 2 % NAOH, i minst 30 minutt.
     
  2. Vask og desinfeksjon av slakteutstyr, knivar og liknande
    fjerne all synleg forureining. Deretter må du koke utstyret i 30 min, vaske det i oppvaskmaskina på over 70 grader eller legge det i desinfeksjonsløysing (t.d. 2 % Virkon S eller 2 % NAOH) i minimum 30 minutt.
     
  3. Vask og desinfeksjon av våpen og liknande
    Fjern all synleg forureining. Tørk deretter av våpenet utvendig med klutar fukta med eigna desinfeksjonsmiddel (t.d. 2 % Virkon S eller 2 % NAOH). Puss og olje våpenet.
     
  4. Kikkertar, avstandsmålarar og skytestavar og liknande
    Reingjer utstyret godt slik at all synleg forureining er fjerna. Deretter må  du desinfisere alle overflater med eigna desinfeksjonsmiddel. Mange desinfeksjonsmiddel er korrosive, men Virkon S (2%) er mindre korrosivt enn mange andre. Les bruksrettleiinga på pakninga nøye.

Unngå kontakt med norske husdyr

Klede og utstyr som er brukte på jakt i utlandet, skal ikkje komme i kontakt med norske husdyr eller takast inn i norske husdyrhald. Hugs også at det skal gå minst 48, helst 72 timar, etter at du har vore i område med alvorlege smittsame dyresjukdommar til du kan vere i kontakt med norske husdyr.

Hundar som deltar på jakt i utlandet

Hundar som har vore på jakt i utlandet, bør få ein grundig vask med hundeshampo før du tar dei med tilbake til Noreg. Hundar som har vore på jakt i utlandet bør ikkje komme i kontakt med husdyr i Noreg før det har gått minimum 5 dagar sidan dei deltok i jakt.

Meld frå til Mattilsynet om du får mistanke om munn- og klauvsjuke hos vilt i Noreg

MKS er ein svært alvorleg og svært smittsam dyresjukdom, som også kan smitte til ville klauvdyr, som t.d. villsvin, rådyr og hjort. Symptoma er blærer og sår i munnen, i klauvområdet og på jur og spenar. Dyra får symptom som nedsett allmenntilstand, auka spyttsekresjon og haltheit. Dødelegheita er vanlegvis låg, men smitten blir svært lett spreidd.

Dersom du som jeger får mistanke om MKS på vilt i Noreg, må du melde frå til Mattilsynet omgåande på telefon 22 40 00 00.

Les mer

Munn- og klauvsjuke påvist i Tyskland | Mattilsynet 

Munn- og klovsyke | Mattilsynet