Kvifor blir dyr med munn- og klauvsjuke avliva?

Munn- og klauvsjuke er ein av dei mest smittsame dyresjukdommane vi kjenner til. Avliving og destruering er den mest effektive måten å få bukt med sjukdommen på.

Publisert

Smitten kan spreie seg over lange avstandar med dyretransportar, vind, via internasjonal transport og ved annan menneskeleg aktivitet.

Sjukdommen gir store produksjonstap fordi dyra blir sjuke, men også fordi dei nasjonale og internasjonale handelsreaksjonane er så omfattande. Det finst vaksinar, men sjukdommen kan ikkje utryddast på denne måten.

For å halde immuniteten ved like må dyra bli vaksinerte fleire gonger årleg, noko som over tid ville blitt svært kostbart. For å avgrense dei totale kostnadene ved utbrot av munn- og klauvsjuke har ein derfor valt å bruke det mest radikale verkemiddelet, nemleg å avlive og destruere (brenne / grave ned) smitta besetningar og dermed utrydde smittestoffet frå miljøet.