Mædisone i Trøndelag
Det er oppretta ei mædi-sone i fleire kommunar i Trøndelag.
Sona dekkjer kommunane Nærøysund, Leka, Namsskogan, Røyrvik, Namsos, Høylandet, Flatanger, Overhalla, Grong, Lierne, Snåsa, Steinkjer, Inderøy, Indre Fosen, Verdal, Frosta, Levanger, Stjørdal, Meråker, Osen, Åfjord og Ørland.
Kva er konsekvensane for sauehaldarar i desse kommunane?
Det er forbode å flytte sau både inn i, ut av og innan sona. Flytting blir likevel tillate på nærmare bestemte vilkår.