Transport av halte dyr
Det er i utgangspunktet forbode å transportere dyr som er sjuke eller skadde, blant anna dyr som er halte.
Forskriftene gir likevel moglegheiter for å vurdere grada av skade/sjukdom. Dersom det blir vurdert at dyret er lettare skadd/sjukt, og at transporten ikkje vil føre til ytterlegare liding for dyret, kan det tillatast å transportere dyret levande. I tvilstilfelle skal ein veterinær vurdere dette.
Dette betyr at ein må vurdere kvart enkelt tilfelle for seg og ta omsyn til både dyret og transportforholda. Kanskje kan det vere forsvarleg å transportere enkelte dyr levande, mens det ikkje er forsvarleg for andre dyr.
Du kan lese meir på sida vår om dyretransport.