Rapport

Overvakingsprogram for fotråte på sau i 2025

Fagleg gjennomgått
Kva blei undersøkt?

Føtene til sau til slakt blei undersøkte med tanke på forandringar som er samsvarande med fotråte. Animalias klauvinspektørar deltok i målretta inspeksjonar ved slakteri i Rogaland fordelte på 114 inspeksjonsdagar. På dei dagane blei det inspisert 108 000 sau.

I 2025 blei det samla inn 93 prøver frå 80 dyr som hadde kliniske symptom som kunne vere i samsvar med fotråte.

Tidsrom
2025
Kva leita vi etter?

Prøvene blei undersøkte med molekylære metodar for å oppdage bakterien Diechelobacter nodosus, som forårsakar fotråte.

Kva fann vi?

Det blei ikkje påvist fotråte i nokon av prøvene i 2025. Den siste påvisinga av fotråte på sau var i 2019.

Kven utførte oppdraget?

På slakteriet bruker vi erfarne "snuarar" til å inspisere sauene og plukke ut dyr med kliniske symptom. Dei hadde i 2025 114 inspeksjonsdagar i perioden da det blei slakta mykje sauer. Veterinærinstituttet analyserte prøvene.

Du finn rapporten om fotråte hos sau på nettsida til Veterinærinstituttet: Fotråte hos sau (vetinst.no)