Er det farleg å ete svinekjøtt som eg har kjøpt i land med afrikansk svinepest?
Afrikansk svinepest smittar ikkje til menneske, heller ikkje via mat.
Norske griser kan likevel bli sjuke av svinekjøtt som inneheld viruset som forårsakar afrikansk svinepest. Det er ei av årsakene til at vi har forbod mot å fôre svin med kjøtt i Noreg.
Kjøtt som er kjøpt i butikken, skal ikkje vere smittefarleg. Dette kjøttet er kontrollert og godkjent av offentlege veterinærmyndigheiter.
På generelt grunnlag oppfordrar Mattilsynet folk til å unngå å ta med seg svinekjøtt som er ikkje er godkjent av matmyndigheitene, ut frå område med restriksjonar for svinepest.