Forventingar til regional og kommunal planlegging
Drikkevatn er kritisk infrastruktur og må takast omsyn til i all planlegging. Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging.
På nettsidene til regjeringa kan du lese heile dokumentet:
Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027 (regjeringen.no)
Det er viktig at vassførekomstar som blir brukte til vassforsyning, blir beskytta mot forureining. Slik sikrar vi befolkninga tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn til kvar tid.
I kapittel 6 "Samfunnstryggleik og beredskap" i dokumentet frå regjeringa står det følgande om reint og trygt drikkevatn:
- Kommunane har ansvar for å sikre hushald og næringslivet tilgang på tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn.
- Vassførekomstar som blir nytta til vassforsyning, må vernast mot forureining med omsynssoner med tilhøyrande føresegner.
- Vern av vassførekomstar skal også bidra til å redusere behovet for reinsing av drikkevatn.
- Robuste vassforsyningar er avgjerande for samfunnssikkerheit.
- Sikring av drikkevasskjelder og areal til infrastruktur for vatn og avløp er ein viktig del av kommunale planar.
- Det er viktig at den kommunale sektor- og arealplanlegginga blir sett i samanheng.
Presisering av forventingane
Regjeringa presiserer forventingane sine til kommunane innanfor Mattilsynets sektorområde drikkevatn og akvakultur.
Drikkevatn
Forventingspunkt 71
"Drikkevassforsyninga i kommunen skal vere med i vurderinga av samfunnstryggleik i samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen. Drikkevasskjelder blir tekne omsyn til og sikra i planlegginga, blant anna for å redusere behovet for vassreinsing.."
Forventingspunkt 61
"Samfunns- og arealplanlegginga blir samordna med planlegging av vassforsyning og avløp, medrekna overvasshandtering og vurdering av naturbaserte løysingar."
Akvakultur
Forventingspunkt 35
"Det blir sett av tilstrekkelege og eigna nye areal for akvakultur gjennom oppdaterte regionale og kommunale planar for kystområda, som også kan omfatte utvikling av akvakultur utanfor kysten og landbasert akvakultur. Planane varetek miljøomsyn og andre samfunnsinteresser."