Dette må vere med når reguleringsplanen sendes til høring

Du som lagar reguleringsplanar, må sikre at planane oppfyller regelverk, nasjonale og regionale forventingar som gjeld for våre fagområde. 

Skildring og føresegner i reguleringsplanen må ta fleire omsyn, både til plantehelse, drikkevatn, dyrehelse/dyrevelferd og fiskehelse/fiskevelferd hos akvatiske dyr.

Det som er omtalt under dei ulike fagområda er ikkje uttømmande, og alt er ikkje aktuelt for alle reguleringsplanar.

Omsyn til drikkevatn

Planen må legge til rette for å kunne etablere nok og trygt drikkevatn gjennom vassforsyningar som innfrir krava i drikkevassforskrifta.

Følgande må derfor komme fram gjennom skildring og føresegner i reguleringsplanen:

  • Det må vere avklart kva løysingar for vassforsyning planområdet skal ha. Løysinga må sikre både nok og trygt drikkevatn. Planen må innehalde ei langsiktig og heilskapleg løysing for vatn, avløp og overvasshandtering for eksisterande og nye tiltak. 
  • Felles vassforsyning er eit mål. Der det ikkje allereie er vassforsyning til planområdet, bør det greiast ut for fellesløysingar for drikkevassforsyning. Løysingane bør, når det er aktuelt, sjåast i samanheng med vassforsyninga i tilgrensande planområde.
  • Viss tiltaka i planområdet skal koplast på eksisterande vassforsyning, må det vere avklart at vald vassforsyning kan levere nok og trygt drikkevatn til både eksisterande og nye tiltak. Nok vatn til sløkkevatn må også vurderast.
  • Ved behov for etablering av ny vassforsyning, eller ved behov for større endringar i eksisterande vassforsyning, skal dette vere plangodkjent av Mattilsynet før utbygging startar. 
  • Drikkevassanlegg og installasjonar knytt til vassforsyning, (større leidningar, drikkevassbasseng, viktige trykkaukestasjonar og liknande) i planområdet, må vurderast med omsyn til behov for omsynssoner med føresegner.
  • Det må vere avklart om det er vassforsyningar, inkludert kjelder og nedbørsfelt, i planområdet. Dette må planen sikre gjennom omsynssoner med føresegner. Både eksisterande og framtidige kjelder må takast omsyn til. Bruk rett omsynssone for råvasskjeldene og dei tilhøyrande tilsigsområda. Hensynssone H110 (nedslagsfelt drikkevatn) skal brukast der vasskjelda er overflatevatn med tilsigsområde, og H120 (område grunnvassforsyning) der vasskjelda er grunnvatn med tilsigsområde.
  • Val av avløpsløysingar har betyding for sikringstiltak og plassering av vasskjelder, og må derfor vere utgreidd i planen.
  • Det bør lagast nødvendige føresegner og rekkefølgekrav i planen for å sikre at tilfredsstillande vassforsyning og leidningsnett er på plass før bygging startar. 
  • Det bør komme fram i planen korleis eigarskap av vass- og avløpsanlegg skal vere. Sjå lov om kommunale vass- og avløpsanlegg.

Lista er ikkje uttømmande, og alle punkt er ikkje aktuelle i alle reguleringsplanar.

Omsyn til plantehelse

Der det er relevant, bør de lage føresegner som kan førebygge overføring av kjent og ukjent smitte med massar av stein, grus, jord med meir.

Ein del planteskadegjerarar og eitt ugras (floghavre) er regulert i lover og forskrifter som Mattilsynet forvaltar. Dette gjeld skadegjerarar som har samfunnsmessige konsekvensar.

Planteskadegjerarar kan spreiast med jordmassar som blir flytta, med vatn, eller med maskiner med jord, frø og andre planterestar. For å hindre smitte og spreiing av plantesjukdommar og planteskadegjerarar bør det bli utforma føresegner i planen som hindrar dette. Dette kan vere føresegner retta mot dei som skal utføre arbeid i planområdet. 

Vi syner til Miljødirektoratet for informasjon og krav retta mot handtering av framande artar. Dette forvekslast ofte med Mattilsynet sitt regelverk.

Omsyn til dyrehelse og dyrevelferd

Planen må sørge for at arealbruk ikkje bidrar til unødige påkjenningar og belastingar for dyr.

Dyr skal beskyttast mot unødige påkjenningar og belastingar. Reguleringsplanen kan gjennom føresegner sikre at omsyn til dyrehelse- og dyrevelferd blir varetatt. For eksempel må utbygging og arealendringar bli gjennomført på ein slik måte at dyr ikkje kan komme til skade.

Reguleringsplanen må også ta tilstrekkeleg omsyn til viktige trekkruter, habitat og viltlevande dyr.

Omsyn til fiskehelse og fiskevelferd hos akvatiske dyr

Kommunen skal følge opp forventingane til regjeringa (forventingspunkt 35). Areala som er avsette til akvakultur, skal vere eigna og vareta omsyn til miljø og andre samfunnsinteresser.

Mattilsynet forventar at reguleringsplanar er i samsvar med overordna planar for kystområda og tar omsyn til våre sektorområde.

I uttale til kystsoneplanar omtaler vi omsynet til helse og velferd hos akvakulturdyr, og omsyn til villfisk.

God områdestruktur er ein føresetnad for god biosikkerheit, førebyggande helsearbeid og beredskap knytt til akvakulturnæringa. Dette bidrar også til god berekraft.

Akvakulturnæringa har eit sjølvstendig ansvar for biosikkerheit og struktur. Gode planprosessar og involvering bør legge til rette for dette ved fokus på forbetring av struktur.

For å hindre smitte mellom vassdrag, og redusere forureinande avrenning og utslepp til vassdrag og råvasskjelder, kan det vedtakast føresegner som sikrar dette i planen.