Når kan Mattilsynet fremme motsegn til ein reguleringsplan?

Nedanfor forklarer vi når og kvifor Mattilsynet kan komme med motsegn til reguleringsplanar. Målet er å skape ein meir einskapleg forvaltingspraksis og gjere det enklare for dykk å føresjå kva vi legg vekt på i slike saker. 

Mattilsynet kan fremme motsegn innan alle våre sektorområde. I denne rettleiaren fokuserer vi spesielt på motsegner innanfor arealbruk knytte til drikkevatn og akvakultur.

Rundskriv H-2/14 gir dei overordna retningslinjene for bruk av motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova. 

Mattilsynet kan fremme motsegn når kommunen planlegg for arealbruk som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser, eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding for våre sektorområde. 

Drikkevatn

Her er nokre døme på manglar i planar som kan føre til motsegn knytt til drikkevatn:

  • Nasjonale og regionale føringar for drikkevatn er ikkje varetatt.
  • Det manglar plan for etablering av vassforsyning og handtering av utslepp som sikrar at føresegnene i drikkevassforskrifta vil bli varetatt.
  • Det er ikkje lagt til rette for heilskapleg forvalting av kretsløpet til vatnet med langsiktige løysingar for drikkevatn.
  • Reguleringsplanen manglar nødvendige føresegner som sikrar leveranse av trygt og nok drikkevatn.
  • Reguleringsplanen tillet tiltak som ikkje er i samsvar med omsynssoner og føresegner for beskyttelse av drikkevasskjelder.

Akvakultur

Mattilsynet kan også fremme motsegn knytt til akvakultur, når

  • det ikkje er gjennomførte utgreiingar eller konsekvensvurderingar for helse eller velferd for oppdrett av av akvakulturdyr eller villfisk i planarbeidet
  • planen ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til nasjonale føringar for fiskehelse og fiskevelferd - for eksempel avstandar mellom aktivitetar, områdestruktur og biosikkerheit
  • omsynet til villfisk (både anadrom og marin fisk) er mangelfullt varetatt i planen
  • omsynet til mattryggleik for produkt frå fisk eller villfisk ikkje er utgreidd eller tilstrekkeleg varetatt i planen