Bruk og import av animalske biprodukt til forsking og diagnostikk

Det er laga ein rettleiar som beskriv reglane for bruk og import av animalske biprodukt til forsking og diagnostikk.

Publisert

Bruk og import av animalske biprodukt til forsking og diagnostikk er regulert i forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på humant konsum (animaliebiproduktforskrifta).

Registrering

Institusjonar som ønsker å bruke animalsk materiale til forsking og diagnostikk, skal registrere seg som animaliebiprodukt-verksemd via skjematenesta til Mattilsynet. Dette vil i hovudsak gjelde laboratorieprøver. Registreringsplikta gjeld ikkje for institusjonar som bruker prøver av animalske biprodukt berre til undervisingsformål (for eksempel skular).

Skjematenesta til Mattilsynet

Sporing, merking, disponering etter bruk og importløyve

For bruk, samhandel og sendingar innanlands er det krav til sporing (handelsdokument og register), merking og disponering etter bruk. Ved import frå tredjeland (land utanfor EU/EØS), er det i tillegg behov for importløyve som blir behandla ved grensekontrollstasjonen ved Oslo lufthamn Gardermoen.

Ein må søke om importløyve på førehand for kvar sending som blir importert, sjå skjema under. Dei som tidlegare har søkt meir enn 30 gonger i løpet av eitt år, kan likevel søke om eit tidsavgrensa løyve for opptil to år. Søknadene blir enkeltvis vurderte med tanke på til kva for nokre animalske biprodukt det gjeld, og det vil bli sett vilkår som må vere oppfylte for å få eit slikt tidsavgrensa importløyve.

Veterinær grensekontroll

Alle animalske produkt (inkludert NHC) frå tredjeland er grensekontrollpliktige og skal underkastast veterinær grensekontroll. Denne ordninga med at ein kan søke om importløyve for prøver til forsking og diagnostikk avvik frå grensekontrollregimet under føresetnad av at søknad og løyve ligg føre på førehand. Elles er dette å betrakte som ulovlege importar som skal beslagleggast og destruerast av myndigheita.

Slik søker du

For meir informasjon om krava som gjeld om søknad om importløyve, sjå Veiledning om bruk og import av prøver til forskning og diagnostikk (PDF).

Veiledning til utfylling av skjema for importtillatelse (PDF)

Regelverk