Meld frå om daude produksjonsdyr
Meld frå om sjølvdaude eller avliva produksjonsdyr
Dette skjemaet skal du berre bruke viss du bur i Finnmark eller andre stader der Biosirk Norge ikkje køyrer.
Alle andre skal melde frå om daude dyr til Biosirk Norge AS (biosirk.no) når dei bestiller henting av det daude dyret.
Følgjande dyr skal registrerast for at det skal bli tatt prøver av dei:
- daude storfe over 4 år
- daude sauar og geiter over 1,5 år
- daude hjortedyr (inkludert tamrein) over 1 år
Aldersgrensene over gjeld ikkje når dyret har endringar i åtferd eller har mista evna til å bevege seg naturleg, sidan dette kan vere teikn på hjernesjukdom. I slike tilfelle må du ringe Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.