Spørsmål og svar om krav til treemballasje

Informasjon om krava som gjeld merking, behandling, import og eksport.

Publisert

Kva slags tre­emballasje er omfatta av krava til behandling og merking?

Krava omfattar alle typar tre­emballasje, for eksempel kasser, pallar, palle­karmar og tromlar. Støtte­materiale (dunnasje) og mellom­legg (strø) av trevirke som blir nytta til å kile fast eller støtte last, er også omfatta av krava.

Kva typar tre­emballasje er haldne unna krava om merking og behandling?

Tre­emballasje som berre består av prosesserte tre­produkt fram­stilte ved hjelp av lim, varme eller trykk, eller ein kombinasjon av dette, blir ikkje omfatta av krava. Dette gjeld for eksempel finer, kryss­finer, spon­plater og OSB-plater. Trespon og anna tre med tjukkleik på maks. 6 mm er heller ikkje omfatta av krava.

Når gjeld krava til merking og behandling av tre­emballasje?

Krava gjeld alltid når tre­emballasje er i bruk ved import eller eksport av alle typar varer. Ved import eller eksport av tre­emballasje som vare er det ulike føresegner frå land til land avhengig av om det er ny eller brukt tre­emballasje, treslag og opphav.

Gjeld krava til tre­emballasje også ved eksport og import av varer mellom Noreg og EU/EØS-land?

Ja, krava gjeld ved import og eksport mellom Noreg og EU-landa.