Autorisasjonskurs for fornying av bevis

Om du skal fornye autorisasjonen din, kan du velje mellom eit fysisk eller eit nettbasert kurs.

Fagleg gjennomgått
Vis endringar
  1. Oppdatert nettbasert fornyingskurs i plantevernmiddel er nå klart

    Det oppdaterte kurset har spesialisert innhald basert på kva type spreieutstyr du nyttar i produksjonen eller verksemda di. Autorisasjonen er generell og gjeld alt spreieutstyr for plantevernmiddel, sjølv om du har spesialisert deg på ein bestemt utstyrstype i kurset. Kurset er tilpassa PC, nettbrett og smarttelefon. Prisen for kurset er 925 kroner. Hugs at nettbasert fornying av autorisasjonsbevis berre er tilgjengeleg for dei som tidlegare har fått utstedt autorisasjonsbevis.

  2. Utsett dato for nytt fornyingskurs for bruk av plantevernmiddel

    Det nye nettbaserte fornyingskurset skal vere klart 23. mars 2026. Tidlegare annonsert dato var 15. mars. Årsaka til utsettinga er at det framleis står att ein del kvalitetssikring, og kurset må testast av både interne og eksterne brukarar.

  3. Utsett dato for nettbasert fornyingskurs for bruk av plantevernmiddel

    Det nye nettbaserte kurset for å fornye autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel skal vere klart 15. mars 2026. Tidlegare annonsert dato var 1. mars. Årsaka til utsettinga er at det framleis står att kvalitetssikring.

  4. Lagt til informasjon om dispensasjonsordning

    Lagt til: "Dersom autorisasjonen din går ut i tidsrommet 01.08.2025 til 30.04.2026, treng du ikkje å fornye beviset ditt før nytt nettbasert kurs er klart."

  5. Fjerna informasjon om nettbasert kurs

    Informasjon om tidlegare nettbaserte kursløysing og tilhøyrande vedlegg blei fjerna fordi avtalen med førre kursutviklar stansa. Informasjon blei lagt til om nede-periode frå 01.01.2026 til 01.03.2026 og lansering av nytt kurs.

Nettbasert fornyingskurs er no tilgjengeleg. Brukarar som tidlegare fekk utvida gyldigheita på beviset sitt til 1. mai 2026, blir oppmoda om å ta kurset før denne datoen. Les meir om dispensasjonen

  • Kursa for fornying av bevis består av ein obligatorisk teoridel og ein avsluttande eksamen. 
  • Eksamen er ein skriftleg prøve på 1 time, der det er lov å bruke kalkulator, alt kursmateriell og dine eigne notat.

  • Du kan ta fornyingskurs sjølv om det er meir enn ti år sidan autorisasjonsbeviset ditt gjekk ut. Føresetnaden er at du har hatt eit autorisasjonsbevis tidlegare, og ikkje berre har tatt eksamen utan å ha fått bevis.

  • Du treng ikkje å fornye autorisasjonsbeviset så snart det har gått ut på dato. Fristen for å fornye autorisasjonen er før du skal kjøpe/bruke plantevernmiddel neste gong.

  • Det er ikkje nok å gjennomføre autorisasjonskurset og bestå eksamen for å få kjøpt plantevernmiddel berekna for yrkesbruk. Du må også ha rett til autorisasjon i yrket ditt.

  • Ønskjer du eit fysisk kurstilbod, kan du ta kontakt med landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i fylket ditt, som har oversikt over intensivkursa. Hugs at du må kontakte landbruksforvaltninga i kommunen for å få autorisasjonsbeviset etter bestått eksamen.

  • Har du ikkje hatt eit autorisasjonsbevis tidlegare, må du ta førstegangskurset.

Læremiddel

For nettkurset finst kursmateriellet, inkludert læreboka, inne i sjølve nettkurset. Det er utarbeidd spesialtilpassa kursmateriell innan utstyrstypane åkersprøyte, tåkesprøyte og spreieutstyr som blir brukt i veksthus og grøntanlegg. Fornyinga av autorisasjonen din er generell, sjølv om du har spesialisert deg på éin type utstyr.

Teorien som blir gjennomgått, er den same, men eksempla som blir brukt i e-læringskurset, er tilpassa korrekt bruk og sprøyting med utstyrstypane nemnde ovanfor. Vel i så fall den spesialiseringa som passar best til produksjonen din. Spesialiseringa «åkersprøyte» har fokus på bruk av åkersprøyte i korn, fôrvekstar og grønsaker. Spesialiseringa «tåkesprøyte» fokuserer på bruk av tåkesprøyter i frukt- og bærkulturar. Spesialiseringa «veksthus og grøntanlegg» fokuserer på spreieutstyr som blir brukt i desse områda, og byggjer hovudsakleg på ryggsprøyter/mobilt spreieutstyr og mindre sprøytebommer.

Ved deltaking på klasseromskurs blir det same kursmateriellet brukt av både dei som skal ha beviset for første gong, og dei som skal fornye beviset. For dei som skal fornye beviset, vektlegg undervisarane det som er nytt sidan førre kurs. Du får informasjon om kursmateriellet frå arrangøren.

Praktisk informasjon om nettkurset

Både kurs og eksamen blir gjennomførte heime, på eigen PC, nettbrett eller mobiltelefon. Du får tilgang til kurset i eitt år frå kjøpsdato og må gjennomføre heile kurset (teori og eksamen) innan denne perioden. Inne i kurset har du inga tidsfrist for gjennomføring av teoridelen. Eksamen er tilgjengeleg i ein og ein halv time for ordinært kurs, og to timar for deg som har krav på utvida eksamenstid.

Eksamen med utvida tid krev godkjenning frå Statsforvaltaren si landbruksavdeling (SLA) før du kan starte. Ta kontakt med SLA i ditt fylke. For at du skal få godkjent at du har krav på utvida eksamenstid, må du leggje fram dokumentasjon på dette.

Etter bestått eksamen blir opplysningar automatisk overførte frå nettkurset til autorisasjonsdatabasen. Ta kontakt med autorisasjonskurs@mattilsynet.no dersom kommunen ikkje finn opplysningar om bestått eksamen i autorisasjonsdatabasen.

Innlogging og gjennomføring

Innlogging til kurset skjer via ID-porten. Det betyr at du må ha den elektroniske ID-en din (som Minid eller BankID) tilgjengeleg når du skal logge inn. Viss det er første gong du skal bruke elektronisk ID, må du registrere deg som brukar før du kan logge inn og gjennomføre autorisasjonskurset. Dette gjer du på sidene til MinID eller i nettbanken din (BankID).

Gjennomsnittleg tidsbruk er estimert til seks-sju timar for gjennomføring av kurset. Gjennomføringstida kan bli lengre dersom du har ei internettlinje med låg kapasitet, eller du ikkje er godt kjend med navigering på internett.

Logg deg inn, meld deg på og gjennomfør kurset – Nettbasert autorisasjonskurs plantevernmidler (fornying)

•  Brukerveiledning for nettbasert fornyingskurs plantevernmidler

Tekniske problem med kursgjennomføringa?

  • Endre innstillingane i nettlesaren slik at pop up-vindauge (forgrunnsvindauge) blir tillatne. 
  • Hvordan tillate pop-up vinduer
  • Det er lurt å avslutte/logge ut av kurset når du tek ein pause. Då unngår du at PC-en mistar kontakten med serveren der. 

Kursavgift og angrerett

Det nettbaserte autorisasjonskurset kostar 925,- kroner. Kursavgifta gjeld tilgang til sjølve nettkurset og inkluderer både teori, arbeidsoppgåver og eksamen. Betalinga skjer direkte i nettkurset i samband med påmelding. Det er berre mogleg å betale med kort. Det blir ikkje sendt faktura til kvar enkelt verksemd. Du får ei betalingsstadfesting på e-post etter at du har meldt deg på. Hugs å sjekke søppelposten din viss du ikkje finn stadfestinga

Dersom du har betalt, men likevel ikkje skulle ønskje å delta på kurset, kan du innan 14 dagar frå påmelding nytte angreretten din. Bruk dette angreskjemaet. Send det utfylte skjemaet til autorisasjonskurs@mattilsynet.no.

Kvittering/betalingsbekreftelse 

Mattilsynet utsteder kvittering for kjøp av nettbasert kurs. Det blir automatisk sendt ut ein kvittering/betalingsbekreftelse til e-postadressa du registrerer når du melder deg på. Har du ikkje fått denne? 

  • Sjekk søppelposten 
  • Dersom du ikkje har fått e-post, kan ofte ein betalingsbekreftelse frå banken brukast som betalingsbevis 

Nyttig materiell til bruk i etterkant av kursa

Plantevernmiddel – godkjenning og bruk

Advarselsplakatar for bruk av plantevernmiddel

Plantevernjournal

Sprøyteteknikk og funksjonstesting