Jernhaldige gjødselvarer til plen, sportsanlegg og andre grøntareal
Gjødselvarer som inneheld jern(II)sulfat kan bli godkjenningspliktige som plantevernmiddel. Sjå kva for nokre årlege doseringar av jern(II)sulfat som krev at du dokumenterer verknadsmåten av produktet.
Fleire produkt som inneheld jernsulfat, blir marknadsførte som gjødselvarer eller produkt som gir sterkare grønfarge på plenen.
Jern(II)sulfat er definert som aktivt stoff i plantevernmiddelregelverket. Dette betyr at gjødselvarer som inneheld jern(II)sulfat kan bli godkjenningspliktige som plantevernmiddel.
Mattilsynet har bede NIBIO om ei vurdering av kva dei reknar som ei normal årleg dosering av jern(II)sulfat til gras til ulike formål (hage/park/golf). Frå og med 2024 vil Mattilsynet nytte desse vurderingane av dosering som grunnlag viss vi kjem på kontroll.
NIBIOs uttale kort sagt
Tilførsel av næringsstoff for vanleg vekst og grønfarge
NIBIO meiner at for vanleg vekst og grønfarge vil normal årleg dosering ligge på ca. 7-14 g jern(II)sulfat/100 m2 for å dekke næringsbehov og 20-40 g jernsulfat/100 m2 for å gi ein sterkare grønfarge. Dette betyr at dersom formålet med å selje produkt som inneheld jern(II)sulfat er å tilføre næringsstoff eller gi sterkare grønfarge, bør bruksrettleiinga ikkje tilseie ei årleg dosering som er vesentleg høgare enn 40 g jernsulfat/100m2.
Kamp mot mose
Tilbakemelding frå NIBIO viser at årleg dosering for å få bukt med mose ligg mellom 280- 390 g jern(II)sulfat/100 m2. NIBIOs uttale er basert på godkjente plantevernmiddel som inneheld jern(II)sulfat. Dersom ei gjødselvare tilfører desse mengdene jern(II)sulfat når produktet blir brukt i samsvar med bruksoppfordringane, må produktet godkjennast som eit plantevernmiddel.
Viss ei gjødselvare som ikkje er godkjent som plantevernmiddel tilfører over 100 g jern(II)sulfat/100 m2 ved anbefalt dosering, må verksemda som omset produktet kunne dokumentere at produktet ikkje har effekt som plantevernmiddel. Marknadsføring av gjødsel som beskriv at produktet betrar veksten og konkurranseevna til plengraset er tillaten, men slike påstandar må samsvare med innhaldet i produktet. Berre godkjente plantevernmiddel kan marknadsførast til kamp mot mose.