Få digital post frå Mattilsynet
All post frå Mattilsynet blir send digitalt, både til verksemder og privatpersonar.
Verksemder
Post frå Mattilsynet til verksemder blir adressert med utgangspunkt i organisasjonsnummer.
Mattilsynet fører i all hovudsak tilsyn mot drifta av aktivitetane til føretaket og nyttar derfor organisasjonsnummeret til undereiningar som ID til registreringane våre. Dette betyr at dersom du ikkje finn posten under organisasjonsnummeret i føretaket, så vil du finne han under aktuell undereining.
Finn post frå Mattilsynet i Altinn
Det er viktig å sikre gode rutinar for å lese posten digitalt. Sjekk kva undereiningar som finst i føretaket ditt og at det er sett opp nødvendige tilgangar for å sikre at undereiningars meldingsboksar blir lesne.
Når du får digital post frå Mattilsynet, blir du varsla pr e-post/SMS. For å lese posten digitalt, må ein ha rolla «Post/Arkiv».
Les meir om roller og rettar i Altinn (altinn.no).
Privatpersonar
Som privatperson må du ha ei digital postkasse for å kunne få post frå det offentlege digitalt.
Du kan velje mellom to postkasser; Digipost eller e-boks. Skaffar du deg digital postkasse, vil du sjå at stadig fleire offentlege verksemder vil sende post der. Da treng du å forhalde deg til berre éi felles digital postkasse frå det offentlege.
Fordelar med digital post
- Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen.
- Posten blir lagra på eitt og same stad.
- Vi sparer miljøet.
Når du får digital post frå Mattilsynet, blir du varsla per e-post eller SMS.
Det trygge arkivet ditt
Det er trygt og enkelt å få post digitalt frå det offentlege når du har digital postkasse. Du bruker ID-porten til innlogging for å lese den digitale posten din. Brev i postkassa kan lagrast der så lenge du ønsker. Begge leverandørane har app-løysingar som gjer at du enkelt kan lese post på mobile einingar.
Vel digital postkasse
Les meir om korleis du opprettar ei digital postkasse på www.norge.no (norge.no). Om du verken har valt postkasse eller reservert deg mot digital post, vil du framleis få digital post til meldingsboksen din i Altinn.
Du kan også reservere deg mot digital post. Du vil da framleis få viktig post frå det offentlege på papir. Les meir på vegvisar til offentlege tenester på nett: Reservasjon (norge.no)