Rapportserie

Overvaking og kontroll med Salmonella i levande dyr, ferskt kjøtt og egg

Mattilsynet har sidan 1995 gjennomført overvaking for Salmonella hos levande dyr (storfe, svin og fjørfe), ferskt kjøtt og egg. Programmet dokumenterer at førekomsten av salmonella bakteriar er svært låge hos norske produksjonsdyr og -næringsmiddel frå desse i forhold til dei fleste andre land.

Fagleg oppdatert

Salmonella er ein av dei vanlegaste zoonosane i Europa, og smitte frå kontaminerte næringsmiddel er vanleg smittekjelde. EU har obligatorisk overvaking av fjørfe med formål om å redusere førekomst av smitte i råvarer frå fjørfe. Noreg har hatt omfattande overvaking og testing for salmonella i levande storfe, svin, fjørfe, og produkt frå desse artane, sidan 1995. I programmet blir det tatt prøver i besetningar, på slakteria og i nedskjeringsverksemder, og førekomst (prevalens) har vore under 0,5 prosent i desse åra. 

Formålet med det norske programmet er å sikre at matproduserande dyr, ferskt kjøtt og egg frå norske husdyr er så godt som fri for salmonella. Ved å dokumentere den svært gunstige salmonellasituasjonen i Noreg får Noreg rettar til å krevje testing av levande dyr, ferskt kjøtt og egg frå dyreartane storfe, svin og fjørfe for import til Noreg (Salmonellagarantien). 

Overvaking og kontroll med Salmonella i levande dyr, ferskt kjøtt og egg i 2024
Kva blei undersøkt?

9225 avføringsprøver eller sokkesvaber frå 5968 flokkar i 1237 fjørfeanlegg frå heile fjørfeproduksjonspyramiden. 

1201 avføringsprøver frå avlsanlegg for svin. 

3156 lymfeknutar frå slaktegris og purker, og dessutan 3143 lymfeknutar frå storfe.

6884 svaberprøver frå kjøttskrottar. 

2712 kjøttskrapprøver frå nedskjeringsanlegg. 

Tidsrom
2024
Kva leita vi etter?

Salmonellabakteriar i avføring, miljøprøver og lymfeknutar som representerer forekomst i anlegget. 

Salmonellabakteriar på slakteskrottar og kjøttskrap i slakteri eller nedkjæingsbedrifter. 

Kva fann vi?

To fjørfeflokkar var positive for salmonella, ein i eit avlsdyranlegg for slaktekyllingforeldre og ein i eit slaktekyllinganlegg. 

Ein lymfeknute frå storfe testa positivt for salmonella. 

Alle andre prøver var negative. 

Estimert prevalens var under 0,4 prosent i alle dei undersøkte populasjonane for 2024.

Kven utførte oppdraget?

Veterinærinstituttet.

Les heile rapporten på Veterinærinstituttets nettsider: Overvåking Salmonella (vetinst.no)

 

Overvakning og kontroll med Salmonella i levande dyr, ferskt kjøtt og egg i 2020
Kva blei undersøkt?

Målet med programmet er å sikre at matproduserande dyr, ferskt kjøtt og egg frå norske husdyr er så godt som fri for salmonella. Programmet dokumenterer også den svært gunstige salmonellasituasjonen Noreg har, som igjen gir grunnlag for salmonellagarantiane, det vil seie at ved innførsel av enkelte dyr og visse animalske produkt må sendinga vere undersøkte for salmonella med negativt resultat i avsendarlandet før ho kan sendast til Noreg. I programmet er det tatt prøver i besetningar, på slakteria og i nedskjeringsverksemder.

Tidsrom
Hele året
Kva leita vi etter?

Prøvene blei undersøkte for Salmonella.

Kva fann vi?

I programmet for 2020 blei det funne éi positiv prøve blant 8285 totalt frå fjørfe, éi positiv prøve frå svine blant 3245 undersøkte, tre positive prøver av storfe av 2975 prøver totalt og fire positive prøver av totalt 8690 tatte av ferskt kjøtt på slakteri og i nedskjeringsverksemder.

Kven utførte oppdraget?

Veterinærinstituttet.

Les rapporten
2021_19_OK Salmonella spp