Til hovedinnhold
Tilsynsrapport

Tilsyn med listeriatiltak i lakseslakteri 2021

Mattilsynet gjennomførte i 2021 ein tilsynskampanje der verksemder og fartøy som slaktar laksefisk vart kontrollert for tiltak og rutinar for å førebygge at fisken blir forureina med listeriabakterien.

Publisert
Kva blei undersøkt?

63 verksemder og fartøy som slaktar laksefisk.

Tidsrom
15. januar - 1. september 2021
Kva leita vi etter?

Tiltak og rutinar for å hindre at fisken blir forureina med listeriabakterien.

Mattilsynet si sjekkliste ved tilsynet inneheldt desse punkta:

  • Identifisere farar
  • Styringstiltak
  • Verifisering
  • Avviksbehandling
  • Krav til lokalar og utstyr. Personleg hygiene.
Kva fann vi?

Tilsynsresultatet viser at den hygieniske standarden i norske lakseslakteri er generelt sett  god.

  • 18 verksemder fekk vedtak. Desse omhandla i hovudsak styringssystemet, inkludert fareanalyse, prøvetakingsplan og tiltak ved påvising av Listeria.
  • Ei verksemd vart stengt på grunn av manglande reinhald og vedlikehald.
  • Elles vart det avdekka relativt få manglar ved dei hygieniske tilhøva ved lokale og utstyr ved verksemdene, der dette var kontrollert.
Fil
Tilsynskampanje 2021 - Listeriatiltak i lakseslakteri - Sluttrapport (PDF)