Giardia
Giardia er ein protozo (eincella organisme) som kan smitte gjennom forureina mat og vatn. Parasitten finst hos menneske og kanskje ulike dyreartar.
Parasitten er vanleg i utlandet, og mange blir smitta utanlands. I Noreg hadde vi eit stort utbrot i Bergen i 2004, der mange vart sjuke etter inntak av forureina drikkevatn.
Giardia finst i eit lågt tal i mange drikkevasskjelder. Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) gjorde ei risikovurdering av drikkevatn i 2009 som viser liten fare for å bli sjuk av parasittar via drikkevatnet.
Rsikovurdering av drikkevatn (vkm.no)
UV-bestråling drep parasitten, og mange vassverk har installert UV-bestråling etter hendinga i Bergen.