Retningslinjer for levering av data til Matvaretabellen

Matbransjen kan levere data til Mattilsynet om sine produkt til Matvaretabellen dersom visse krav er oppfylt. Her finn du ein oversikt over kva du må hugse på når du skal sende inn data.

Fagleg oppdatert

Om Matvaretabellen

Tabellen inneheld data om 50 næringsstoff i meir enn 2100 matvarer. Det publiserast ein oppdatert versjon av Matvaretabellen årleg. Mattilsynet eig og driftar Matvaretabellen. 

Les meir om Matvaretabellen.

Korleis kan du levere data til Matvaretabellen?

Praktisk informasjon om levering av data

Mattilsynet kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar. Om mogleg ønsker vi òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. Sjå kravspesifikasjonen nedanfor for meir informasjon om krava våre. Det er frivillig å levere data.

Du kan sende data til Matvaretabellen på e-post: matvaretabellen@mattilsynet.no.

Format for innsending av data er valfritt, men du kan bruke denne malen (ODS) om du ønsker det.

Tidspunkt for levering av data

Frist for å levere data til neste versjon av Matvaretabellen er 1. oktober.

Mattilsynet vil informere matbransjen om levering av data i mai/juni.
Den årlege oppdateringa av Matvaretabellen blir publisert i januar.

Krav til dataene som leverast til Matvaretabellen

Vi kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar, men det er viktig at du presiserer kva for verdiar som er analysert og kva for verdiar som er berekna når du leverer data.

Vi bed om informasjon om kva metodar som er brukt i berekning/estimering eller til analysar, og informasjon om prøveuttaket som ligg til grunn for analysedata. Prøveuttaket som ligg til grunn for analysedataene til ei matvare må vere representativt.  Kva som er representativt kjem an på sesongvariasjonar, variasjon i ingrediensar osb. Det er opptil verksemda å vurdere omfang av prøveuttak for å sikre representative data.

Vi ønsker òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. 

Desse matvaregruppene inkluderast ikkje i Matvaretabellen

  • matvarer som har vore på marknaden i mindre enn eitt år
  • matvarer som ikkje vert seld i daglegvarehandelen
  • medisinske næringsmiddel

Næringsstoff

Her er oversikt over næringsstoffa i Matvaretabellen, inndelt i næringsstoff vi må motta verdiar for, andre næringsstoff i tabellen og næringsstoff vi ønsker å leggje til på sikt. Dette gjeld både for nye matvarer og for oppdatering av matvarer som er i tabellen. 

Vi må ha verdiar for:

  • protein
  • stivelse 
  • sukkerartar (sum)
  • totalfeitt
  • sum metta feittsyrer, sum einumetta feittsyrer, sum fleirumetta feittsyrer 
  • alkohol (for alkoholhaldige drikkevarer)
  • kostfiber
  • salt/natrium
  • vitamin/mineral som er særleg viktig for den enkelte matvare

Vi ønsker òg verdiar for resten av næringsstoffa i oversikten, men det er ikkje obligatorisk. 

For at ei matvare skal kunne bli lagt til i Matvaretabellen må det vere tilgjengelege næringsstoffverdiar for nesten alle næringsstoffa i tabellen. Vi forsøker å rekne ut eller estimere verdiar for dei næringssto fa som ikkje blir levert, men dersom det ikkje er mogleg, vil ikkje matvara blir publisert i Matvaretabellen.

Unntak frå dette er ved oppdatering av verdiar for natrium/salt. Vi ønsker primært at alle næringsstoffa i lista blir levert, men de kan levere oppdaterte verdiar berre for natrium/salt. 

Vår kvalitetssikring av dataene 

Vi vurderer dei innsendte dataene, og gjev tilbakemelding om kva som blir teke med i tabellen i forkant av publisering.

Handtering av data levert av matbransjen

Internasjonale krav og standardar for matvaretabellar

EuroFIR (eurofir.org) er eit europeisk matvaredatanettverk som jobbar med å utvikle, publisere og bruke matvaredata. Dei fremmar internasjonalt samarbeid og harmonisering for å forbetre tilgjengeleghet og datakvalitet.
Matvaretabellen følgjer EuroFIRs standardar for kvalitetssikring, prosedyrer, klassifisering og beskrivelse av matvarer og næringsstoff.

Les meir om standardene: Quality and Standards of FCDB (eurofir.org)

Generiske og produkt-/produsentspesifikke matvarer

Frå 2026 vil dei fleste matvarene i Matvaretabellen vere generiske, det vil seie utan produkt- eller produsentnamn i matvarenamnet.

Matvaregrupper med generiske matvarer:

  • råvarer (mjøl og gryn, kjøtt, fisk, grønsaker, frukt, bær, nøtter og urter)
  • fiskepålegg, fiskeprodukt
  • kjøttpålegg, kjøttprodukt
  • middagsrettar, ferdigmiddagar, middagstilbehør
  • potetchips, snacks
  • plantebaserte pålegg og middagsprodukt
  • brød og bakervarer
  • dessertar og iskrem
  • spedbarnsmat

Matvarenamnet vil brukast til å vise skilnader mellom generiske matvarer, til dømes feittprosent, smak eller andre karakteristika.

Matvaregrupper med blanding av generiske og produkt-/produsentspesifikke matvarer:

  • meieriprodukt
  • drikke
  • frukostblandingar
  • knekkebrød og kjeks
  • glutenfrie produkt
  • kosttilskot
  • søte pålegg
  • sjokolade, godteri
  • margarin, smør, olje

Matvarer kan ha produkt-/produsentspesifikke matvarenamn dersom

  • det er vanskeleg å beskrive matvara på ein forståeleg måte utan produkt-/produsentnamn.
  • det er stor variasjon i innhaldet av næringsstoff mellom tilsvarande matvarer.

Oppdatere og slette matvarer

Ein matvaretabell oppdaterast vanlegvis ein gong i året eller sjeldnare. Matvaretabellen oppdaterast årleg. Det er ikkje aktuelt med hyppigare oppdateringar fordi brukarane av tabellen skal vite kva versjon dataene er henta frå. Til dømes brukast dataene i andre databasar eller program.

Matvarer blir lagt til eller oppdatert i den neste versjonen av Matvaretabellen når nye data av god nok kvalitet er tilgjengelege. Vi slettar berre matvarer dersom dei ikkje lenger er på marknaden. 

Alle næringsstoffverdiane i Matvaretabellen har ein referanse som viser kva år verdien er frå. Det vil seie at det er enkelt for brukarane å sjå når næringsstoffverdien sist blei oppdatert. 

Mattilsynets analyseprosjekt

Mattilsynet gjennomfører eit eller fleire analyseprosjekt kvart år for å oppdatere dataene i Matvaretabellen. Kva type matvarer som blir analysert, vurderast ut frå forbruk, ernæringsmessig viktighet og behov for data. Analysane utførast av akkrediterte laboratorier og følgjer internasjonale standardar.

Produsentar/importørar av matvarer som er analysert i prosjekta og/eller relevante bransjeorganisasjonar/opplysningskontor vil bli informert før analyseresultata blir publisert. Informasjonen blir sendt til den e-postadressa som er oppgitt på nettsidene til verksemda. Verksemda er ansvarleg for å vidareformidle informasjonen til rette vedkomande. 

Kontakt mellom matbransjen og Mattilsynet om dataene

Arbeidet med Matvaretabellen skal vere uavhengig. 

Vi kan ha kontakt med matbransjen om

  • analyseprosjekt av råvarer, sidan det kan vere stor variasjon.
  • utveksling av informasjon om marknadsandelar og anna produktinformasjon.
  • utviklingprosjekt.

Vi kan ikkje samarbeide om

  • samansetning av generiske matvarer.
  • «godkjenning» av estimerte eller analyserte verdiar.

Arbeid med retningslinjene

Desse retningslinjene er ferdigstilt og publisert i oktober 2025. Ved spørsmål, ta kontakt via e-postadressa matvaretabellen@mattilsynet.no

Sjå oppsummering av høyringsinnspel om retningslinjene og vurdering av desse.