Kontroll av økologiske verksemder

Kontrollsystemet for økologisk produksjon skal sikre etterleving av regelverket i alle ledd, og tillit til at reglane blir følgde.

Publisert

Mattilsynet har det overordna ansvaret for regelverket knytt til produksjon, foredling, lagring, import og omsetjing av økologiske landbruksprodukt og næringsmiddel i Noreg. 

Mattilsynet har delegert ansvaret for å føre tilsyn med etterlevinga av økologiregelverket til Debio. ​

Slik gjer de

Viss de produserer og/eller omset økologiske landbruksprodukt, akvakulturprodukt eller omarbeidde produkt til næringsmiddel eller fôr, treng de ei sertifisering og økologisk godkjenning frå Debio. Når sertifiseringa er på plass, vil alle økologiske verksemder bli kontrollerte årleg av Debio. 

De kan rette førespurnader og søknader om økologisk produksjon og økologiske produkt til Debio. Debio vidareformidlar førespurnader til Mattilsynet dersom Mattilsynet er rette mottakar.

Meir informasjon

Regelverk

Økologiforskriften §§ 5, 6 og 8