Hovudprioriteringar innan matproduksjon i 2026

Dette er hovudprioriteringane våre på matproduksjonsområdet.

Publisert

Kjøttverksemder som produserer rå farse og rå hamburgarar, må sikre god hygiene

Mattilsynet vil i 2026 halde fram med tilsyn med at kjøttverksemder følger regelverket og har tiltak for å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar eller salmonella i norsk kjøtt.

Mattilsynet vil også undersøke om regelverket for import og samhandel innanfor EØS blir følgd.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Dette er ei vidareføring av arbeidet med skitne slaktedyr og slaktehygiene, som blei prioritert i 2024, og tilsyn med kjøttverksemder i 2025. Vi prioriterer å sjekke rutinane i verksemdene for å unngå at kjøttet blir forureina med sjukdomsframkallande bakteriar.

Vi vil setje søkjelys på kva tiltak verksemdene har for å unngå forureina råvarer som kan gjere sluttproduktet ueigna til forbruk. Kjøttråvarer som blir brukte til rå farse og hamburgarar, blir kverna, så det er viktig at desse råvarene er minst mogleg forureina i utgangspunktet. Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet, noko som gir bakteriane gode vekstvilkåra og produktet kort haldbarheit.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vil kontrollere heile verdikjeda for å sikre at bransjeretningslinjer er formålstenlege, at regelverket blir følgt, og at reglane for import og handel innanfor EØS blir overhaldne.

Vi vil undersøke kva krav som blir stilte til råvarekvalitet med omsyn til tiltenkt bruk. Vi vil også sjå på fareanalysen og tiltaka verksemda har for å sikre trygge råvarer. Vi vil kontrollere at viktig informasjon om bruksvilkår, som varmebehandling, følgjer kjøttet heile vegen frå slakteri til nedskjeringsverksemder, til andre produsentar, til detaljistar og ut til forbrukar. Dette gjeld både kjøttsorteringar og deigar/farsar.

Når verksemder har innført retningslinja "hygienisk varestraum", undersøkjer vi også om rutinane er formålstenlege for å oppfylle krava.

Mattilsynet vil gjennomføre tilsyn hos eit utval av nedskjeringsverksemder og verksemder som produserer rå hamburgar og tillaga kjøtt i 2026.

Produsentar av eteklare næringsmiddel skal kjenne til risikoen ved slike produkt

Mattilsynet held fram med tilsyn med produsentar av eteklare næringsmiddel i 2026. Vi kontrollerer om verksemdene gjennomfører tiltak som sikrar at eteklare næringsmiddel er trygge for forbrukarane.

Kva er eteklare næringsmiddel?

Eteklare næringsmiddel er mat som kan etast direkte, utan å måtte kokast eller behandlast for å fjerne skadelege mikroorganismar.

Eksempel på slike næringsmiddel er salat, rakfisk, røykt og graven fisk, kjøttpålegg og mjuke ostar.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Dei siste åra har det vore fleire sjukdomsutbrot forårsaka av eteklare næringsmiddel.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vidarefører eit risikobasert tilsyn med eit utval av produsentar som produserer eteklare næringsmiddel innan kategoriane

  • kjøttprodukt
  • meieriprodukt
  • sjømat
  • frukt og grønt

På tilsyna kontrollerer vi fareanalysen til verksemda og styringstiltaka for å sikre trygg mat. Der det er relevant, vil vi også undersøke korleis verksemda sikrar at næringsmidla er trygge når det gjeld dei mikrobiologiske kriteria.

Tilsyn med produsentar av vegetabil

Mattilsynet gjennomførte i 2025 tilsyn med primærprodusentar av bladgrønsaker. I 2026 vidarefører vi dette arbeidet med tilsyn hos

  • produsentar av bladgrønsaker på friland
  • spireprodusentar
  • produsentar av kornprodukt

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2026?

Formålet med tilsyna er å verifisere at primærprodusentane følger regelverket, slik at produkta dei leverer, er trygge å ete for forbrukarane.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vil føre tilsyn med alle spireprodusentar og eit utval av produsentar av bladgrønsaker på friland og produsentar av kornprodukt.

Rett bruk og merking av tilsetjingsstoff i sjømatprodukt, kjøttprodukt og bakevarer

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2026?

Tilsetjingsstoff skal brukast og merkast rett for å vareta mattryggleik, sikre haldbarheit, halde oppe kvalitet og hindre at forbrukarane blir villeidde.

I 2025 førte Mattilsynet tilsyn med produsentar og leverandørar/importørar av tilsetjingsstoff for å kontrollere at desse blei merkte i tråd med regelverket og tilfredsstilte spesifikasjonane.

I 2026 følger vi opp dette arbeidet med tilsyn hos produsentar av sjømatprodukt, kjøttprodukt og bakevarer. Her vil vi kontrollere både bruken av tilsetjingsstoff og om produkta er riktig merkte.

Kva betyr dette for deg og verksemda di?

Mattilsynet vil føre tilsyn med eit utval produsentar innan sjømat, kjøtt og bakevarer. Under tilsynet ser vi blant anna på

  • rett og lovleg bruk av tilsetjingsstoff
  • om merking og matinformasjon som blir gitt til forbrukarane, er korrekt og ikkje villeier

Sida er ein del av denne rettleiinga: