Vond lukt når du opnar ein pakke med kyllingfilet
Når du opnar ein pakke kyllingfilet, kan det enkelt gonger komme ei skikkeleg vond lukt frå pakken, sjølv om den er heilt ny. Det betyr ikkje nødvendigvis at maten er øydelagd.
Det er i dag vanleg å pakke ferske kjøttvarer i ein såkalla kontrollert atmosfære for å forlengje den mikrobiologiske haldbarheita av produkta. Dei vanlegaste pakkegassane som blir nytta er kabondioksid (CO2), nitrogen (N2) og oksygen (O2), eventuelt ein kombinasjon av desse. Det er særleg nærværet av CO2 du kan merke som ei litt ubehageleg lukt når du opnar ein slik pakke, medan det for vakuumpakka varer (til dømes plastemballerte biffar) kan vere lukt av rått, syrleg kjøtt.
Felles for begge tilfella er at lukta skal forsvinne omgåande, med mindre vara er skjemd og øydelagd. Viss du slit med markert lukt i lang tid etter at pakken er opna, og det framleis lukter tydeleg og skarpt av sjølve kjøtte, kan vara vere sur eller skjemd.