Sjå deg rundt før du sløkkjer tørsten i ein bekk

Å leske seg med friskt vatn frå kjelder i naturen er ein viktig del av naturopplevinga for mange. Men vatnet er ikkje så reint som det kan gi inntrykk av overalt. I nærleiken av hytteområde og beitemarker kan tarmbakteriar frå menneske og dyr i nærleiken ha forureina vatnet.

Publisert

Dei vanlegaste forureiningskjeldene for drikkevatn ute i naturen er avføring frå dyr (beitedyr og viltlevande), fuglar og menneske. Du bør derfor tenkje deg litt om og sjå deg rundt før du fyller koppen på turen din.

Er du langt frå folk og fe, kan du normalt trygt drikke vatnet.

Er du i nærleiken av eit hyttefelt, bør du vente litt med å sløkkje tørsten. Tilsig frå til dømes utedo i området kan gjere at vatnet i nærleiken er forureina med tarmbakteriar.

Av same årsak bør du vere varsam med å drikke vatn frå kjelder i nærleiken av beitande dyr.

I periodar med kraftig regn eller flaum bør du vere ekstra merksam på kvar du hentar drikkevatnet frå. Det er då større risiko for at avløpssystem lek. Regnvatnet kan òg føre med seg avføring frå beitedyr ned i elvar og bekkar, som då får høge konsentrasjonar av bakteriar. Den beste staden du då kan hente vatn er ved utløpet av ein innsjø eller eit tjern. Undersøkingar har vist at vegen til vatnet gjennom innsjøen gjer at bakteriemengda blir redusert.