Ete strandkrabbe: Følg råda for blåskjel

Om strandkrabben kan få i seg algegifter, er lite dokumentert her i Noreg, men vi tilrår uansett å følgje Mattilsynets kosthaldråd for blåskjel.

Publisert

Strandkrabben er ein opportunist i matvegen, og eit det meste han finn. Først og fremst er strandkrabben åtseleter, men han eit òg alt levande han klarer å få fatt i med klørne sine. Muslingar utgjer ein svært viktig del av kosthaldet til arten mange stadar. Vi veit frå tidlegare erfaring at taskekrabben òg eit blåskjel og har teke opp algegifter.

I kva utstrekning strandkrabben kan få i seg gift frå blåskeila, er lite dokumentert her i Noreg, men det er truleg påvist diarégift i strandkrabbar frå Portugal. Vil rådar derfor til at du følgjer Mattilsynets kosthaldråd for blåskjel.