Råd om å ete stillehavsøsters

Stillehavsøsters er ein attraktiv matressurs, men det er ein viss helserisiko knytt til å ete arten.

Publisert

Produsentane som omset skjel kommersielt, er ansvarleg for at skjela dei sel er trygge.

Dei som haustar til eige bruk, må sjølv ta ansvar og nødvendige forholdsreglar for å unngå å bli sjuke.

Ikkje eige østers-varsel

Mengda av Stillehavsøsters langs Norskekysten aukar, og Mattilsynet får mange spørsmål om det er trygt å ete. 

Mattilsynet tilrår generelt at ein ikkje et sjølvplukka skjel som ikkje er testa for algegifter, bakteriar og virus, og miljøgifter. For blåskjel har Mattilsynet eit blåskjellvarsel. Det finst ikkje noko tilsvarande for østers.

Algegifter og virus i østers

Blåskjel er rekna som ein indikatorart for dei fleste typar skjel, men vi har enno ikkje tatt ut nok parallelle prøvar av dei to artane til å konkludere med at dette òg gjeld for stillehavsøsters.

Både stillehavsøsters og flatøsters (i motsetnad til blåskjel) blir ofte etne rå, utan varmebehandling, og dei kan innehalde virus, oftast norovirus. Norovirus er den vanlegaste årsaka til virusavhengig diarésjukdom i Noreg. Viruset blir skilt ut med avføring frå infiserte menneske og dyr, som i neste omgang blir spreidd til sjøen frå kloakkutslepp, avrenning og liknande. Det er berre avføring frå menneske som heilt sikkert har betydning for overføring av norovirussmitte tilbake til menneske. Østers bør derfor alltid haustast i område med god gjennomstrøyming av friskt sjøvatn og lite aktivitet av folk og dyr. Koking og steiking vil drepe norovirus, men det er usikkert om damping har tilstrekkeleg effekt.

Algetoksin forsvinn derimot ikkje ved varmebehandling.

Ver òg merksam på at eldre stillehavsøsters har ein tendens til å akkumulere (samle opp) miljøgifter i større grad enn blåskjel. Alderen på østers kjem ikkje nødvendigvis fram av storleiken, men talet på ringar på skalet, ein ny ring for kvart leveår.

Skjel som blir hausta for å bli selt skal vere trygge å ete

Produsentane som omset skjel kommersielt er ansvarleg for at skjela dei sel ikkje inneheld algegifter, mikroorganismar/smittestoff eller miljøgifter i mengder som kan forårsake sjukdom eller på annan måte vere i strid med regelverket som gjeld i Noreg.

Mattilsynet vurderer analyseresultat, og gir produsentane løyve til hausting eller forbod mot hausting av skjel frå eit fastsett avgrensa område. All kommersiell hausting av skjel skal gå via eit mottak (ekspedisjonssentral), og påvisast det fekal forureining (bakteriar og virus) over gitte faregrenser, må òg skjela reinsast før omsetning. Ved funn av algetoksin som overskrid grenseverdiane og /eller ved påvising av høge eller aukande algekonsentrasjonar i vassmassane vil eit produksjonsområdet ikkje kunne bli opna for hausting. Alle skjelparti som blir omsette kommersielt, skal bli tatt prøvar av for forureiningskjelder undervegs i produksjonslinja, for å sikre trygg mat ut til sluttforbrukaren.

Fakta om stillehavsøsters

Flatøstersen (Ostrea edulis) er den einaste østersen som finst naturleg i Noreg. Stillehavsøsters (Crassostrea gigas) er ein framand art i Noreg, og høyrer naturleg heime i Stillehavet.

Stillehavsøsters er importert til oppdrettsverksemd i ei rekkje land, og har spreidd seg til naturen i stor skala. Ein reknar med at stillehavsøstersen har komme til Noreg via ballastvatnet frå skipstrafikk og liknande. Inntil ganske nyleg (2007) var arten knapt registrert i Noreg. Sporadisk kartlegging og enkeltobservasjonar tyder no på at arten har fått fotfeste i mange område langs kysten i Sør-Noreg, frå Østfold til Hordaland. Det ligg òg ei registrering føre i Møre og Romsdal i 2015. 

Stillehavsøstersen skil seg frå frå den europeiske flatøstersen på form og skalstruktur. Medan flatøstersen er rund og ganske flat, er stillehavsøstersen vanlegvis meir langstrekt i forma, med djupare underakall og ei kraftig, bølgjande overflate med grov flakstruktur.

Føda til skjela består av planteplankton, bakteriar, andre mikroorganismar og dødt organisk materiale.

Kjelder: Havforskingsinstituttet, Godfisk.no