Avgrens inntaket av viltkjøtt med blyrestar
Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon kan innehalde restar av bly. Mattilsynet åtvarar mot å ete kjøttet rundt skotkanalen eller kjøtt som er synleg skadd av blyhaldig prosjektil eller hagl.
Småvilt skote med blyhagl bør ikkje etast oftare enn ein gong i månaden. Kvinner som planlegg å bli gravide, gravide, ammande og små barn bør unngå viltkjøtt der det er risiko for blyrestar.
Bly er eit giftig tungmetall som kan hope seg opp i kroppen og gi helseskadar som læringsvanskar, nyresjukdom og auka blodtrykk. Det finst inga nedre grense for kor mykje bly som er trygt, og EUs mattryggleiksorgan EFSA seier at sjølv små mengder bly kan vere helseskadelege. Det er derfor ønskeleg å redusere inntaket av bly i befolkninga.
Mattilsynets råd om viltkjøtt skotne med blyammunisjon
- Ikkje spis kjøttet rundt skotkanalen frå storvilt som er felt med blyhaldige prosjektil. Alt synleg skadd vev og minimum ti centimeter ekstra i radius rundt skotkanalen bør skjerast bort og kasserast. Kjøtt som ligg langt unna skotkanalen (eksempelvis steik, filet, hals, lår og legg) inneheld ikkje helseskadelege mengder bly, og kan trygt etast.
- Ikkje et småvilt skote med blyhagl oftare enn ein gong i månaden. Hagl og synleg skadd vev bør uansett blir fjerna.
- Kvinner som planlegg å bli gravide, gravide, ammande og barn under sju år bør ikkje ete viltkjøtt som kan innehalde bly, fordi foster og barn er meir kjenslevare for bly enn vaksne.
Dersom du har viltkjøtt i frysaren som du mistenkjer kan innehalde blyrestar, treng du ikkje å kaste dette. Følg råda over. Om ein ein sjeldan gong et mat med høgt blyinnhald, så har det lite å seie i eit langtidsperspektiv.
Slik skal hjorteviltkjøtt reinskjerast for bly
Når elg, hjort, villrein, rådyr eller dåhjort felles med blyammunisjon, må alt skadd vev og 10 ekstra centimeter i radius rundt skotkanalen blir fjerna for at kjøttet skal kunne betraktast som trygt.
Råda er baserte på vurderingar frå VKM og Livsmedelsverket i Sverige
Ein rapport frå Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM 2013) (vkm.no) viser at personar som et hjorteviltkjøtt kvar månad eller oftare, har litt meir bly i blodet enn andre. Rapporten påpeikar at reinskjering av skotkanalen kan minske mengda bly i viltkjøttet.
Ein nyare rapport frå Livsmedelsverket (Sverige) (livsmedelsverket.se) støtter opp om dette. Deira studium viser at vilt som er felte med blyhaldig prosjektil (storvilt) kan innehalde svært høge nivå av bly i kjøttet rundt skotkanalen, og at reinskjering av skotkanalen kan gi 1000 gonger reduksjon av blynivået i viltkjøttet. Tilsvarande har kjøtt frå vilt som er skote med blyhagl (småvilt) òg høge nivå av bly i området der blyhagl trengjer inn i kjøttet. Den svenske studien viser at fjerning av blyhagl og reinskjering av skadd vev kan gi 100 gonger reduksjon av blynivået i småvilt.
Bruk av blyhaldig ammunisjon til jakt
Til jakt på storvilt skal det brukast ekspanderande kuler. Ekspanderande blyhaldige kuler gir ei sky av blypartiklar i kjøttet rundt skotkanalen i viltet. Bruk av blyhagl til jakt er regulert i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst (lovdata.no). Det er tillate å bruke blyhagl til jakt på artar som er angitt i forskrifta.
Ikkje gi sårkjøttet til hunden
Jakthundar bør heller ikkje fôrast med sårkjøtt etter felling med blyhaldig prosjektil eller hagl.