Kven har ansvar for å reingjere handlekorgene til butikken?

Regelverket spesifiserer ikkje korleis butikkane skal handtere og reingjere handlekorger.

Publisert

Det er likevel krav om at all omsetning av mat skal vere helsemessig trygg. I dette inngår også reingjering av utstyr og hjelpemiddel som blir brukte.

Mattilsynet forventar at reingjering av handlekorger og handlevogner inngår i dei interne rutinane i verksemda. I tillegg er det god forretningsskikk å vise forbrukarane at verksemda er opptatt av reinhald og hygiene.