Kan daglegvarer transporterast frå butikk til kunde utan bruk av kjølebil?
Mattilsynet vurderer dette som akseptabelt når næringsmiddelverksemda gjennomfører same transport av matvarer til heimen som kunden normalt ville ha gjennomført sjølv.
Hovudregelen er at eit næringsmiddel som produsenten har merkt som kjølevare, skal haldast ved kjøletemperatur (0-4°C, eller den temperaturen produktet er merkt med) fram til det når forbrukar. Regelverket gir likevel moglegheit for at temperaturen kan vere ein annan i kortare periodar, så lenge dette ikkje fører til fare for at maten blir helseskadeleg. Dette føreset at den som er ansvarleg for transporten har vurdert faren ved endring i temperaturen undervegs.
Verksemda må ha rutinar som sikrar at matvarene ikkje blir utsette for så høge temperaturar og over så lang tid at bakteriane kan begynne å formeire seg. Kontroll av temperatur under transport bør inngå i internkontrollen.
Forhold som kan bidra til å avgrense risikoen ved brot i kjølekjeda ved transport utan kjølemoglegheit:
- Logistikk ved plukking og pakking av matvarene før transport
- Kjølelagring fram til uttransport
- Pakking i isolerte behaldarar
- Rask utlevering (avhengig av utetemperatur) – avgrensa talet på kundar per utleveringsrunde
- Avtale med kunden om tidspunkt for levering direkte til kunden
- Avtale med kunden om leveringsstad med kjølemoglegheit