Titandioksid i kosmetikk

Titandioksid er eit fargestoff som finst i naturen. Stoffet har mange bruksområde, og er tillate å bruke i kosmetikk og kroppspleieprodukt, med visse avgrensingar.

Publisert

Du kan finne titandioksid i til dømes tannkrem, solkrem og leppestift. Det er ikkje lov å bruke titandioksid i matvarer.

Det er eit grunnleggjande krav at kosmetiske produkt skal vere trygge i bruk. I regelverket for kosmetikk er det sett ulike avgrensingar for kor mykje titandioksid det kan vere i eit produkt. Det gjeld ulike avgrensingar, avhengig av kvar produktet skal brukast og korleis det skal brukast. Avgrensingane skal sørgje for at produkta er trygge.

På grunn av bekymringar om mogleg helserisiko ved bruk av titandioksid i produkt som blir brukte i og på munnen, til dømes tannkrem og leppestift, skal det no gjerast ei ny risikovurdering av dette.

Er det trygt å bruke kosmetiske produkt med titandioksid?

For produkt berekna til bruk på huda, til dømes solkrem og fuktkrem, er det vurdert som trygt å bruke titandioksid både som fargestoff og UV-filter, med fastsette grenseverdiar. Titandioksid blir  i svært liten grad tatt opp via huda.

Titandioksid skal ikkje brukast i produkt som kan medføre eksponering av lungene til sluttbrukaren ved innanding. Det er fastsett eigne grenseverdiar og bruksvilkår for titandioksid til bruk i ansiktsprodukt i laus pudderform og i hårprodukt i aerosolform, slik at dei òg skal vere trygge ved normal bruk.

For leppe- og munnhygieneprodukt som kan medføre utilsikta inntak, blir det no vurdert om gjeldande grenseverdiar er trygge nok.

Det er ingen akutt fare knytt til bruk av slike produkt. For barn som ikkje klarer å unngå å svelgje ein del tannkrem, er det mogleg å velje produkt utan titandioksid, ved å sjå etter dette på innhaldslista av produktet. Det vil vere oppgitt som titandioksid, titanium dioxide, eller som fargestoffet CI 77891.

Ny risikovurdering kjem

Vilkår for trygg bruk av titandioksid i kosmetiske produkt er vurdert av EU sin vitskapskomité for forbrukartryggleik (SCCS) mange gonger.

I desember 2023 publiserte SCCS ei førebels risikovurdering av ei rekkje pigmentgradar og nanogradar av titandioksid i kosmetiske produkt til oral bruk, som tannkrem og leppestift. Det blei ikkje funne tilstrekkeleg bevis til å kunne utelukke skade på arvestoffet i cellene. Ei av årsakene var eit generelt utilstrekkeleg datagrunnlag på dette området.

For å kunne gjere ei grundigare vurdering skal 2024 brukast til å samle inn meir data på dei aktuelle pigment- og nanoformene. Deretter vil EU-kommisjonen gi mandat til vitskapskomiteen for kosmetikk SCCS, som vil ha seks månader på seg til å vurdere dataa.

Det er forventa at dersom skadar på arvestoffet ikkje kan utelukkast, vil det bli aktuelt å innføre nye reguleringar av titandioksid i kosmetiske produkt til oral bruk, slik som tannkrem og leppestift.