Svart hennatatovering kan gi sår og allergi

Høge konsentrasjonar av fargestoff for at tatoveringa skal vare lenger og ha ein sterke farge, kan framkalle allergiske reaksjonar. I dei alvorlegaste tilfella er det nødvendig med akutt legehjelp og sjukehusinnlegging.

Publisert
Hennatatovering
Hennatatovering. Foto: Colourbox

Den opphavlege hennafargen er raudbrun, men for å oppnå den svarte fargen på tatoveringa og for at ho skal vare lenger blir høge konsentrasjonar tilsette av fargestoff, som til dømes PPD (paraphenylenediamine). 

Denne forma for dekorering på huda må ikkje forvekslast med tatovering der tatoveringsfarge blir injisert ned i huda.

Reaksjonar på huda

Ein typisk uønskt reaksjon på ei "hennatatovering" viser seg vanlegvis etter eitt til tre døgn som sår, eksem, raude eller blærar på huda, men reaksjonar kan oppstå sjølv etter tolv døgn. Reaksjonane kan i nokre tilfelle vere så kraftige at det er behov for akutt legehjelp eller til og med sjukehusinnlegging.

Den svarte hennafargen kan halde fram med å gi plager i fleire månader (i verste fall permanente helseskadar) fordi fargestoffet blir verande i huda.

Sjølv om du ikkje reagerer på den svarte hennafargen første gong du er i kontakt med han, har du vorte eksponert og kan risikere å få sterke reaksjonar neste gong du kjem i kontakt med fargestoffet. Det kan til dømes skje via eit hårfargemiddel som inneheld PPD eller det svært like stoffet paratoluendiamin (PTD). Ein allergisk reaksjon etter ei eksponering for andre gong kan i tillegg vere meir alvorleg enn reaksjonen ved første eksponering. Får du ein allergisk reaksjon bør du bli undersøkt og behandla av lege. Det er viktig å få konstatert kva du reagerer på, slik at du kan unngå framtidig kontakt med stoffet og dermed ubehagelege reaksjonar.

Allergi du aldri blir kvitt

Har du først utvikla allergi mot PPD, blir du aldri kvitt han. Hårfargemiddel som inneheld PPD skal i tillegg til å vere merkte med p-phenylenediamine i ingredienslista også blir merka med åtvaringstekst. Andre produkt som kan innehalde PPD, til dømes ein del svarte tekstil, trykkfargar og lêr- og pelsfargar, er vanlegvis ikkje merka. Det kan derfor vere vanskeleg å unngå fargestoffet i dagleglivet. I EU er det ulovleg å bruke PPD i "hennatatoveringar", men dei ulovlege fargane er likevel i bruk lette stader. 

Viktige førehandsreglar for å unngå skadeleg hennatatovering

  • Naturleg hennafarge varierer frå grøn-brun til brun. Viss fargen på blandinga er mørkare (nesten svart) er det høgst sannsynleg at fargestoff er tilført blandinga.
  • Be om informasjon, gjerne opphavsstad for hennafarge og ei liste over ingrediensane i hennablandinga. Viss tatoveringskunstnaren ikkje kan gi fullgode svar på desse spørsmåla, bør ein unngå å ta hennatatovering.
  • Viss det blir oppgitt at hennafargen kan fjernast etter berre ein times påføring, er det ei stadfesting på at dette er svart henna. Ved bruk av vanleg henna må denne vere påført huda så lenge som mogleg for å oppnå ein god kastanjeraud farge på tatoveringa.