Methylisothiazolinone (MI) i kosmetikk
Methylisothiazolinone (MI) er eit konserveringsmiddel som blant anna blir brukt i kosmetikk. Stoffet kan gi allergi, og det er derfor strenge reglar for korleis det kan brukast.
MI blir brukt i mange typar produkt, for eksempel måling, men kosmetikk kjem tett på huda. Derfor er risikoen for allergi særleg høg for kosmetiske produkt. Reglane for MI i kosmetikk handlar både om kva produkt stoffet kan brukast i, og kor mykje stoff det kan vere i produktet (konsentrasjon).
Berre lov i produkt som skal vaskast av
MI er forbode i produkt som ikkje blir vaska av. Dette inkluderer også våtserviettar og hårpleieprodukt som ikkje skal skyljast ut.
MI er likevel tillate i produkt som blir skylde av huda, men berre i ein svært låg konsentrasjon.
MI blir også nytta som konserveringsmiddel i blanding med methylchloroisothiazolinone (MCI). Ein låg konsentrasjon av blandinga MCI/MI blir rekna som trygt og er tillate i produkt som blir vaska av etter bruk. Blandinga er forboden i produkt som ikkje skal vaskast av.
Det er ikkje tillate å bruke MI saman med blandinga MCI/MI.
Symptom, handtering og førebygging
MI kan forårsake ein type eksem kalla allergisk kontaktdermatitt, og typiske symptom inkluderer raudleik, brennande eller stikkande kjensle i huda, hevelsar, blemmer og skorpedanning i huda.
Reagerer du allergisk på eit produkt, bør du slutte å bruke det. Blir det eit stort problem for deg, bør du snakke med legen din om dette.
Viss du er frisør eller på andre måtar arbeider med denne typen stoff i profesjonell samanheng, bør du prøve å avgrense hudeksponeringa. Du kan for eksempel vaske hudområdet slik at produkt ikkje regelmessig blir på huda over lenger tid, eller du kan bruke hanskar.