Dyretesting av kosmetikk i EU- og EØS-land
I EU og Noreg er det forbode å produsere, importere og omsette kosmetiske produkt som er testa på dyr. Forbodet gjeld også for ingrediensar som berre blir brukte i kosmetikk. Forbrukarar har likevel ingen garanti for at kosmetiske produkt på den norske marknaden ikkje inneheld ingrediensar som har vore testa på dyr.
Kosmetikk og kroppspleieprodukt skal ved normal bruk ikkje medføre helsefare. Det er regulert av kosmetikkforskrifta (lovdata.no). Dette skal kunne dokumenterast. I ein slik dokumentasjon har det gjerne blitt vist til dyretestar.
Heilt sidan tidleg på 90-talet har det vore ei viktig sak for Europaparlamentet å avskaffe bruk av dyr ved testing av kosmetiske produkt og kosmetikkingrediensar.
Juridisk ansvarleg person for produktet skal sørge for dokumentasjon på at forboda mot dyreforsøk er overhaldne, og skal i produktinformasjonsfila (PIF) også gjere greie for alle dyreforsøk som er utførte med produktet eller ingrediensar, uansett kva reglar forsøka er laga for å oppfylle – jf. artikkel 11 (2) e i kosmetikkforskrifta.
Spør produsenten
Sjølv om EU har innført eit totalforbod mot dyretesting, har forbrukarar ingen garanti for at kosmetiske produkt på den norske marknaden ikkje inneheld ingrediensar som har vore eller framleis blir testa på dyr.
- Produkt kan basere dokumentasjon på dyretestar som er utførte før forboda kom.
- Kosmetikk er samansette produkt, der mange ingrediensar også blir brukte til andre formål der dyretesting er tillate. For eksempel ingrediensar som er nytta i medisinske produkt eller hushaldsprodukt.
Spør i butikken eller ta direkte kontakt med produsenten om du usikker på om eit produkt eller ingrediensar i det er testa på dyr.
Skilje mellom testing av kosmetiske produkt og testing av kosmetiske ingrediensar
- Kosmetiske produkt skal ikkje bli testa på dyr. Her er det ingen dispensasjon frå forbodet.
- Ingrediensar som berre blir brukte i kosmetiske produkt, skal ikkje bli testa på dyr.
- Mange ingrediensar som blir brukte i kosmetikk, har fleire bruksområde. Eit tilfeldig eksempel er duftstoffet methyl salicylate. Dette stoffet blir brukt i både kosmetikk, medisinske produkt, mat og drikke. I dei tilfella der meir enn 1 tonn av eit kjemisk stoff blir produsert eller importert til EU/EØS per år, krev kjemikalieregelverket REACH at stoffet blir registrert. Er mengda større enn 10 tonn per år, må det gjennomførast ein såkalla chemical safety assessment (CSA). REACH tillèt/krev i visse tilfelle at ingrediensar blir testa på dyr, som ein siste utveg viss det ikkje finst eigna alternative metodar, for å skaffe informasjon med sikte på å verne arbeidarar i industri og dessutan redusere risiko for skade på miljøet.
Bruk av dyretesting vil derfor kunne omfatte ingrediensar/stoff som blir produserte eller importerte i store nok mengder, og som har fleire bruksområde enn i kosmetiske produkt. Men det kan også vere tilfelle der ECHA (European Chemicals Agency) krev at produsentane skal utføre dyreforsøk, sjølv om stoffet berre blir brukt i kosmetikk (dersom det er mistanke om alvorleg helsefare).
Trinnvis utfasing
Utfasing av dyretesting innan kosmetikkområdet er ein trinnvis prosess over fleire år.
- 2003: Det blei forbode å teste kosmetikk og kroppspleieprodukt i ferdig form på dyr. Det blei også forbode å omsette kosmetikk og kroppspleieprodukt som i ferdig form har vore testa på dyr.
- 2003: Det blei også forbode å teste ingrediensar eller kombinasjonar av ingrediensar til kosmetikk og kroppspleieprodukt på dyr, dersom det fanst ein alternativ metode som var godkjend. Godkjende alternative metodar må brukast for å sikre forbrukarane trygge produkt.
- 2009: Det blei totalforbod mot å teste ingrediensar eller kombinasjonar av ingrediensar på dyr. Også omsetning av produkt som inneheld ingrediensar testa på dyr etter denne datoen, blei forbode. Her er det likevel eit unntak for visse typar testar.
- 2013: Det blei totalforbod mot å omsette produkt dersom dei inneheld ingrediensar som er testa på dyr etter denne datoen. Europakommisjonen har vedtatt at det ikkje er mogleg for ei verksemd å søke om dispensasjon frå forbodet.
Meir informasjon frå EU-kommisjonens arbeid med dyretesting av kosmetikk
- Les meir om kor langt ein har komme i utviklinga av alternative metodar (single-market-economy.ec.europa.eu)
- Sjå EU kommisjonens svar til forbrukarinitiativ om dyretesting av kosmetikk frå juli 2023: Save cruelty-free cosmetics - comit to a Europe without animal testing
- Les pressemeldinga frå juli 2023: Commission acts to accelerate phasing out of animal testing in response to a European Citizens' Initiative