Krav til journalføring for fiskehelsepersonell
Dyrehelsejournal må innehalde ei samla, skriftleg og kronologisk framstilling av opplysningane, samt vera lett tilgjengeleg. Endringar skal kunne sporast, og retting må daterast og signerast
- Dato for avgjerda
- Saksnummer
- 2022/136119
- Resultat
- Ikkje medhald
Bakgrunn
Fiskehelsepersonell pliktar å føre journal i samsvar med krava i dyrehelsepersonellova og journalforskrifta. Journalen er eit arbeidsverktøy for fiskehelsepersonellet, men skal også dokumentere fiskehelsepersonellet si verksemd ovanfor tilsynsmyndigheiter, dyreeigar og eventuelt rettsvesenet.
Vurdering
Det sentrale spørsmålet i denne saka var når krava til journalføring etter dyrehelsepersonellova § 24 kan seiast å vera oppfylt.
Klagesakseininga kom til at for å oppfylle krava forskrifta stiller til journalføring, må journalen innehalde ei samla, skriftleg og kronologisk framstilling av opplysningane, samt vera lett tilgjengeleg. Det er ikkje nok å kunne legge fram enkeltståande dokument som reseptar, prøvesvar og fiskehelserapportar.
Det er også viktig å ha eit journalsystem er etterretteleg, slik at opplysningar ikkje kan slettast utan at ein kan spore desse endringane. Retting må daterast og signerast.
Journalen skal i tillegg gjerast «uten ugrunnet opphold». Ved helsebesøk på oppdrettsanlegg eller ved inspeksjon av brønnbåt vil det i dei aller fleste tilfella vera snakk om når fiskehelsepersonellet er på staden. I nokon tilfeller først når ein er komt på land. Fullstendig rapport kan skrivast seinare, men denne må byggje på nedteikningar gjort under eller i nær tilknyting til besøk eller inspeksjon.
Konklusjon
Klagesakseininga stadfesta regionen sitt vedtak.
Du kan be om innsyn i saken via einnsyn: 2022/136119