Til hovedinnhold
Klagesak

Delvis medhald i klage om avvikling av geitehald – geiter som har levd ute i naturen må identifikasjonsmerkes for å kunne overtakast av andre

Vedtak om avvikling av geitehaldet som innebar forbod mot å selje, gi vekk eller slakte dyra vart delvis endra. Dagens forvaltning av geitehaldet oppfyller ikkje dyrevelferdslova sine krav. Klagesakseininga var einige med regionen om at avvikling var nødvendig, men vi opna for at dyrehaldar kunne overdra eller overføre dyra sine til andre, forutsett at dei var identifikasjonsmerka. Vi opprettheldt regionens slakterestriksjon, men presiserte at den er livsvarig for å sikre at dyra ikkje inngår i matkjeden. 

Publisert
Avgjort dato
Saksnummer
2022/27031
Resultat
Delvis medhold

Bakgrunn

Ein geiteflokk har truleg levd ute i naturen sidan 1970-talet då 18 kje vart sett ut i skogen på Kvist i Sogn og Fjordane, etter at resten av flokken vart sendt til slakt. Dyra har ikkje fått tilstrekkeleg tilsyn og stell og mangla tilstrekkeleg tilgang på næring, ly og liggeplass gjennom heile året samt oppfølging av sjukdom og skade. Enkeltdyr har tilpassa seg området og klimaet dei bur i, men dyra får generelt ikkje tilstrekkeleg næring, ly og liggeplass gjennom heile året. 

Vedtaket om avvikling har vakt sterke reaksjonar lokalt og nasjonalt, og ført til skriftlige spørsmål til landbruks- og matmonisteren. NOAH, Dyrenes Rett og Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane har påklaga vedtaket, og vart rekna å ha rettsleg klageinteresse. 

Vurdering

Vi var einige med regionen i at dyrehaldet slik det er i dag, ikkje oppfyller dei grunnleggjande krava som gjeld geitehald i dyrevelferdsregelverket. Av omsyn til dyra kunne ikkje drifta fortsetje som før. Alle dyr treng og har krav på tilsyn og oppfølging, så dei ikkje vert utsett for unødige påkjenningar og belastningar, mellom anna frå rovdyr og utfordrande værforhold. Vi har vurdert at dyra ikkje er ville, sjølv om dei har levd utandørs i mange år utan tilsyn. Dei kjear mellom anna på vintrane, som andre holdte geiter, og det er reell fare for innavl. 

Vi har lagt vekt på dyr sin eigenverdi i klagevedtaket, og vurderte at avviklinga kan skje ved at dyra vert overdratt eller overført til nokon andre som kan ivareta dyrevelferden deira, og føl alle krava i regelverket. Dyra kan ikkje overdragast før dei er identifikasjonsmerka etter landdyrsporbarhetsforskriften § 27. Merkingskravet gir både dyrehaldar og Mattilsynet moglegheit til å overvake og følgje opp sjukdom hjå det enkelte dyret, og vi fann difor ikkje grunnlag for å dispansere frå kravet. Sjølv om dyra vert overteke av andre, vil problematikken rundt dårleg dyrevelferd og innavl vera relevant, og ein eventuell ny eigar må difor ta omsyn til historikken til dyra, og planlegge for å unngå vidare innavl. 

 

Konklusjon

Eigar kan selje eller gi vekk geitene under føresetnad at regelverket vert følgje. Vi kravde i vedtaket at dyra var merka med dyrehalds-ID før dei vert overdratt eller blir selt. Dyra kan leva vidare under nokon gjevne føresetnader, viss noverande eigar ynskjer det, og finn nokon som kan ta seg av dei på ein måte som vil sikre dyrevelferda deira framover. Det er opp til dyreeigar korleis avviklinga skal skje.

Be om innsyn i saken via einnsyn: 2022/27031

Regelverk

Dyrevelferdsloven

Matloven - matl

Landdyrsporbarhetsforskriften

Animaliehygieneforskriften

Forskrift om offentlig kontroll - animalsk produksjon, forordning (EU) 2019/624 og forordning (EU) 2019/627

Matlovsforskriften