Klagesak

Behaldning av reinsefisk skal journalførast

Oppdrettarar som bruker reinsefisk, må alltid ha oversikt over kor mange reinsefisk det er i kvar merd.

Publisert
Dato for avgjerda
Saksnummer
2025/194773
Resultat
Ikkje medhald

Bakgrunn

Verksemda sette ut ei kjent mengde leppefisk i merdar med laks og hadde tilfredsstillande journalføring på merdnivå fram til dei starta utslakting og anna handtering av laksen. Leppefisken vart då fiska ut med teiner og flytta over i ny merd. Verksemda meinte det var teknisk vanskeleg å telje fisken i samband med flytting, og hadde difor ikkje kontroll på mengda leppefisk i dei ulike merdane resten av produksjonssyklusen.

Vurdering

Ifølgje akvakulturdriftsforskrifta § 42 skal anlegget dagleg journalføre behaldninga av dei ulike artane på merdnivå. Dette gjeld frå fisken blir sett ut og så lenge det er fisk i anlegget. Mattilsynet er klar over utfordringane med å ha ei nøyaktig oversikt over reinsefisk gjennom heile produksjonssyklusen, men meiner at tilstrekkeleg kontroll på talet på fisk på merdnivå er ein føresetnad for å gi reinsefisk best mogleg tilsyn og stell.

Du kan be om innsyn i saka via eInnsyn 2025/194773 (einnsyn.no)

Konklusjon

Selskapet fekk ikkje medhald i saken.