Reglar for innførsel av planter og frø med meir for privatpersonar

Skal du handle planter på nett eller på utlandstur, eller ta med deg planter i flyttelass frå utlandet, må du vere sikker på at det blir gjort i samsvar med regelverket som gjeld for slik import.

Innhald på denne sida

  1. Dette kan du ta med inn i Noreg utan plantesunnheitssertifikat
  2. For desse varene må du ha plantesunnheitssertifikat
  3. Melding til Mattilsynet
  4. Mottakskontroll
  5. Plantar og frø og anna som det er forbode å importere til Noreg
  6. Eksempel på sjukdommar og skadedyr vi ikkje ønskjer i Noreg

Du som privatperson kan ikkje utan vidare ta med deg planter og andre smitteberande emne, som for eksempel jord, plantedelar og tre frå utlandet inn i Noreg.

Ved import av planter, plantedelar, jord, frø, frukt og grønsaker, er det ein risiko for at det kan følgje med uønska planteskadegjerarar som blindpassasjerar. Disse skadegjerarane kan være insekt, virus, bakteriar og andre organismar, som har eit potensiale til å gjere stor skade på plantene våre, både i jordbruket, skogbruket og naturen. I Noreg har vi derfor eit strengt regelverk som skal sikre ei god plantehelse i landet vårt. Dette avgrensar kva ein kan importere og korleis.


Dette kan du ta med inn i Noreg utan plantesunnheitssertifikat


For desse varene må du ha plantesunnheitssertifikat


Melding til Mattilsynet


Mottakskontroll


Plantar og frø og anna som det er forbode å importere til Noreg


Eksempel på sjukdommar og skadedyr vi ikkje ønskjer i Noreg

Trass strenge restriksjonar på området, slit vi med uønskte konsekvensar av innvandra planter, skadedyr og sjukdommar som ikkje er naturleg heimehøyrande i Noreg.

Nokre har vi foreløpig klart å halde utanfor grensene, men det er ein dagleg kamp for at vi skal sleppe å få inn farlege eller økonomisk øydeleggjande skadedyr og sjukdommar.

Spesielt viktig er det å beskytte Noreg mot sjukdommar og skadedyr som angrip skogen vår, potet- og tomatavlingar, samt jordbær. Derfor er det også totalforbod for privatpersonar mot å ta med seg poteter og jordbærplanter frå utlandet. Forbodet gjeld også Sverige.

Her er nokre eksempel på sjukdommar og skadedyr vi ikkje ønskjer i Noreg

  • Nye variantar av barkbiller: Det er stadig risiko for å innføre slike via emballasje på importerte produkt (pallar, trekassar osv.) men de kan også komme med nåletre frå infiserte områder. Det finst også ei rekke andre biller, nematoder og sopp som kan skade skogplanter for millionar av kroner dersom dei får spreidd seg i Norge. Og dei kan komme inn med ein enkel vedpinne frå eit infisert land.
  • Pærebrann: Dette er en sjukdom som skadar eple- og pæretre, og som smitter via mellom anna mispelplantar. Mispel er blant de mest vanlege hekkplantene her i landet. Moglegheita for at smitte skal spreie seg er derfor stor. Det kan få store konsekvensar for fruktprodusentane i Noreg dersom sjukdommen får etablert seg.
  • Potetcystenematode: Potetcystenematoden øydelegg potetavlingar totalt. Smittestoffet kan halde seg levande i jorda i 40 år.
  • Skogbrunsnegle (også kalt Iberiasnegle): Denne sneglearten kom til Noreg som svært uvelkommen gjest truleg i importerte planteskolevarer.

Det er ikkje berre sjukdommar og skadedyr vi vil beskytte oss mot. Det finst mange eksempel på at framande planter har etablert seg hos oss. Gode eksempel er Lupin og Rynkerose (Rosa Rugosa). Problemet med desse er at dei lett fortrengjer norske artar.