Import av frø til vitskaplege formål
Rettleiing om import av såvarer eller frø til vitskaplege formål.
Rettleiinga gjeld for forskingsinstitusjonar, universitet og høgskular, forsøksringar, laboratorium og andre som ønsker å importere frø eller såvarer til vitskaplege formål, undervisning, testing eller foredling. Slik import blir regulert av forskrift om såvarer. Import av frø av enkelte artar blir også regulert av plantehelseforskrifta og forskrift om framande organismar.
Det er ulike reglar for import avhengig av kva art det er.
Frø av artar som er oppførte i såvareforskrifta, vedlegg A1
For artane som er oppførte i forskrift om såvarer, vedlegg A1, kan Mattilsynet gi løyve til å importere frø til vitskaplege formål, testing og foredlingsformål. Det er elles berre registrerte såvareforretningar som har lov til å importere frø eller såvarer av desse artane.
Universitet, høgskular og laboratorium er unntatte frå søknadsplikta, dei kan importere mindre mengder såvarer som prøvemateriale til bruk i eiga forsking, undervisning eller laboratorieverksemd.
Dette blir regulert i såvareforskrifta § 25 andre og tredje ledd.
Det blir stilt følgande krav til import av frø eller såvarer til vitskaplege formål:
- Det er ikkje er lov å importere såvarer til vidare sal, jf. forskrift om såvarer § 4 første ledd.
- Ved import av kveite (Triticum), rug (Secale) og rugkveite (x Triticosecale) er det krav til helsesertifikat viss kornet har opphav i Afghanistan, India, Irak, Mexico, Nepal, Pakistan og USA, jf. forskrift om plantar og tiltak mot planteskadegjerarar, § 20, vedlegg 4a, punkt 34 og 35 og vedlegg 5, punkt 3.2.
- Frø av tomat og Allium (løk, purre og grasløk) skal alltid vere følgde av plantehelsesertifikat, jf. forskrift om plantar og tiltak mot planteskadegjerarar § 20, vedlegg 5, punkt 3.1.
- Det er berre tillate å importere frø frå genmodifiserte plantar dersom planten er godkjend i Noreg etter genteknologilova av 2. april 1993, jf. forskrift om såvarer § 29.
- Det er ikkje er lov å importere frø eller frø av plantar som inneheld narkotiske stoff, jf. forskrift om såvarer § 28.
- Krava i forskrift om såvarer § 35 om beisa såvare må vere oppfylte.
Søknad om importløyve skal innehalde:
- kva artar det blir søkt for, latinsk namn, norsk namn viss det er tilgjengeleg, og sort der dette er relevant
- mengder av kvar art (Her kan ein bruke kg, g, antal – det som er mest naturleg i kvart tilfelle.)
- kva såvara skal brukast til
- opphavslandet såvara kjem frå, og eksportlandet dersom dette ikkje er det same
- namn på firma/institusjon det skal importerast frå
Mattilsynet gir importløyve berre til den mengda frø eller såvare som det er søkt om, og ikkje i større kvanta enn det som kan reknast som rimeleg mengde ut frå formålet. Importløyvet vil vere tidsavgrensa.
Frø av artar som ikkje er oppførte i såvareforskrifta, vedlegg A1
For frø eller såvarer av artar som ikkje er oppførte i vedlegg A1, er det ikkje nødvendig å søke Mattilsynet om løyve til å importere til eigen vitskaplege bruk. Da er det berre nokre få føresegner som gjeld:
- Frøa skal ikkje innehalde narkotiske stoff eller stamme frå ein plante som inneheld narkotiske stoff, jf. forskrift om såvarer § 2 andre ledd og § 28 om frø med narkotiske stoff.
- Frøa skal ikkje vere genmodifiserte (det er i dag ingen genmodifiserte plantar som er godkjende i Noreg etter genteknologilova), jf. forskrift om såvarer § 2 andre ledd og § 29 om frø av genmodifiserte plantar.
- Krava i forskrift om såvarer § 35 om beisa såvare må vere oppfylte, jf. § 2 andre ledd og § 35.
- Frøa skal ikkje vere av ein art med høg risiko for spreiing til norsk natur. Du kan lese om kva plantar dette er i Miljødirektoratets artikkel Innføre planter og frø (miljodirektoratet.no).
- Frøa skal ikkje vere av arten floghavre (Avena fatua L.).