5. Forventningar om mål for internkontrollen
IK-akvaforskrifta krev at de skal fastsette mål i arbeidet med internkontroll. Det betyr mål som gir grunnlag for styring og forbetring av forhold som påverkar fiskehelse og fiskevelferd.
Dette er særleg aktuelt når krav i regelverket opnar for fleire akseptable løysingar. Til dømes korleis de skal sikre god velferd for fisken. Slike krav kallast gjerne funksjonskrav. Krava retter seg mot resultatet, ikkje korleis de kjem fram til dette. Verksemda må då sjølv finne gode løysningar for å nå måla. Der det er stilt meir spesifikke krav, kan verksemdene i større grad styre direkte etter desse krava. Døme på funksjonskrav:
- Matlova § 19: Enhver skal utvise nødvendig aktsomhet, slik at det ikke oppstår fare for utvikling eller spredning av smittsom dyresykdom.
- Dyrevelferdslova § 3: Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.
- Akvakulturdriftsforskrifta § 5: Akvakulturdrifta skal være helsemessig og fiskevelferdsmessig forsvarlig.