12. Sluttord
De som driv med oppdrett har ei lovpålagt plikt til å ha styring gjennom eit internkontrollsystem, jf. matlova § 5 og forskrift om internkontroll for å oppfylle akvakulturregelverket (IK-Akvakultur).
Det finst ei rekkje lover og forskrifter som skal sikre at akvakulturdyr blir handtert på ein god måte, at sjukdom ikkje blir spreidd og at produkta er trygge å ete. Matlova, dyrevelferdslova, akvakulturdriftsforskrifta og omsetnings- og sjukdomsforskrifta er viktige døme på slike regelverk. Desse og ein del andre reglar omtalar kva som skal til for at drift og produksjon skal vere forsvarleg, – dei beskriv dei materielle krava til akvakulturproduksjon. Dei seier t.d. noko om kor mykje lakselus du får lov å ha og stiller krav til utstyr og lokalitet.
IK-akva forskrifta er ei prosessforskrift. Den stiller ikkje materielle krav til produksjonen, men krav til verksemda sine styringsprosessar. Ved å etablere nødvendige prosessar blir det materielle regelverket følgt systematisk. Krava til internkontrollprosessane er meir overordna.
Regelverket heng saman på den måten at dykkar prosessar skal sikre at alle dei materielle krava frå styresmaktene blir oppfylte. Kva for prosessar har de t.d. etablert for å sikre at reglane for lakselus blir følgt ute på anlegga? Prosessane dykkar kan handle om planlegging, utføring, evaluering og korrigering.
Det er dette internkontroll handlar om – systematisk leiing av di verksemd.
Forskrift om internkontroll for å oppfylle akvakulturregelverket (IK-Akvakultur)