3. Kompetanse og kunnskap
Alle verksemder har mål de vil nå og oppgåver som skal utførast for å nå måla.
For å kunne realisere måla, må alle tilsette ha tilstrekkeleg kompetanse, kunnskap og ferdigheiter. De må kjenne til kva behov fisken har, kva som skal til for å unngå sjukdom i anlegget, korleis de skal nytte utstyret og kva samfunnet forventar. Som tilsette må de vite kva de skal gjere og korleis det skal gjerast. Som regel er det klokt at de veit kvifor de skal gjere det òg.
Kompetanse og kunnskap fører til at vi innrettar oss til oppgåver og problem på tilpassa måtar. Det kan òg vere heilt avgjerande for haldningane til det arbeidet kvar og ein held på med. Slik sett er kompetanse og kunnskap ein bærebjelke for kulturen i verksemda.