Slik følger Mattilsynet systematisk opp hendingar med dårleg fiskevelferd
For å sikre ei systematisk oppfølging av hendingar og situasjonar der det kan vere dårleg fiskevelferd, har Mattilsynet utarbeidd ein tilsynsmal og fagleg støtte. Desse dokumenta er også nyttige for tilsette i havbruksnæringa og fiskehelsetenestene.
Mattilsynet må bruke ressursane sine der dei gir best effekt. Dette inneber at vi må prioritere kva hendingar og situasjonar vil skal følge opp med tilsyn.
For å gi støtte til Mattilsynets inspektørar har vi laga fagleg støtte med informasjon om
- aktuelt regelverk
- kva dette inneber i praksis
- korleis vi skal følge opp hendingar og situasjonar på ein einskapleg og effektiv måte
- kva tiltak oppdrettar må gjennomføre for å førebygge gjentakingar
- informasjon om når velferda er så dårleg at det må vurderast at fisk må avlivast
Vi har også laga ein tilsynsmal som viser kva regelverkpunkt som kan brukast ved oppfølging av hendingar og situasjonar.
Sidan dokumenta viser kva regelverk som gjeld og kva vi spør etter ved tilsyn, er dei også nyttige for tilsette i havbruksnæringa og fiskehelsetenestene.
Til den faglege støtta har Mattilsynet fått innspel frå Veterinærforeininga, Tekna, Sjømat Norge og Sjømatbedriftene.
Les meir: