Justerte vilkår for dispensasjon for automatiske luseteljarar

Det trengst kunnskap om kva metodar og utstyr som kan gi eit meir presist bilete av talet på lus i ein merd. Alle som ønskjer å bruke automatiske luseteljarar må derfor sikre at utstyrsleverandør samtykkjer i å delta i styresmaktsinitierte forskingsprosjekt om temaet.

Publisert

Mattilsynet legg dette inn som eit vilkår for oppdrettarar som søkjer om dispensasjon for automatiske luseteljarar frå 1. januar 2025. Dette er nødvendig for å sikre at styresmaktene kan gjere nytte av dei erfaringane som blir gjorde ved bruk av automatisk luseteljing. 

Mattilsynet trur at automatisk luseteljing både kan bidra til å komme nærmare det sanne lusetalet i ein merd, styrkje fiskevelferda ved at ein unngår ein del handtering av fisken, og vere eit nyttig verktøy for oppdrettar med å føresjå eit auka lusepress.

Det trengst kunnskap for å lage teknologinøytralt regelverk

For å lage teknologinøytralt regelverk rundt denne typen utstyr er det avgjerande at forvaltninga har så god kunnskap som mogleg, før ein etablerer krav til utstyret. At utstyret blir teke i bruk i reelle oppdrettsmerdar kan generere svært nyttig kunnskap i så måte.

Det går føre seg for tida to viktige forskingsprosjekt knytte til bruken av automatiske luseteljarar, i regi av høvesvis Havforskingsinstituttet og Sintef. I begge prosjekta har ein opplevd at berre eit fåtal av teknologiaktørar som leverer utstyr som blir brukt i Noreg i dag, har ønskt å delta.

Oppdrettarar som har dispensasjon for å bruke utstyr for automatisk luseteljing i dag, har allereie som vilkår at dei må gjere alle data tilgjengeleg for forsking og forvaltning.

Gjeldande vilkår elles vil gjelde òg for nye søknader om dispensasjon.