Forsking for betre tilsyn i norske svinebesetningar

I prosjektet Svinesjekk vil Mattilsynet auke kunnskapen om korleis tilgjengelege data og nye analysemetodar kan brukast til å vurdere dyrevelferda i norske svinehald.

Publisert

Kunnskapen kan bidra til å gi Mattilsynet betre grunnlag for å prioritere fysiske tilsyn der det trengst mest.

Svinesjekk er ein del av ordninga til forskingsrådet "offentleg sektor-ph.d.", og er eit samarbeid mellom Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Mattilsynet. Målet med prosjektet er å skaffe kunnskap som kan forbetre Mattilsynets arbeid med forvalting av dyrevelferdsregelverket. 

For griser som blir slakta på slakteri i Noreg samlast det data om kvart enkelt slakt gjennom offentleg kjøttkontroll. I Svinesjekk vil vi ta utgangspunkt i desse dataa og utforske kva slags betyding desse kan ha for vurdering av dyrevelferd på gardar. For å ta i bruk slakteridata til dette formålet er det viktig at slakteriregistreringane er nøyaktige og pålitelege. Derfor vil vi i Svinesjekk kartlegge variasjonen i desse registreringane. Vi vil også utforske om andre datakjelder er eigna for å vurdere dyrevelferd på gardar. 

Prosjektet skal også skaffe kunnskap om korleis ulike former for kommunikasjon med bonden kan betre arbeidet med dyrevelferd i dyrehald. Denne kunnskapen vil vere verdifull ikkje berre for Mattilsynet, men også for andre aktørar i verdikjeda og for bøndene sjølv – både i Noreg og i andre land. 

Her kan du lese meir om prosjektet:

Svinesjekk (nmbu.no) 

Kva inneber prosjektet for deg som er svinebonde?

Vi vil innhente data frå kjøttkontroll på svin ved norske slakteri, rapporter legemiddelbruk i svinebesetningar og data frå inspeksjonsrapportar i svinehald i tentativ periode 2019 til 2026. 

Forskingsprosjektet vil innhente og behandle data om svinehald som allereie er rapporterte til og/eller registrerte hos Mattilsynet. Du har sjølv tilgang til opplysingane som er registrerte om dyrehaldet ditt via Mattilsynets sider. Vi behandlar opplysingane konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket. Individuelle svineprodusentar vil ikkje kunne kjennast igjen i resultat som blir publiserte frå prosjektet. 

I dette skrivet kan du lese meir om kva prosjektet inneber for deg som har eller tidlegare har hatt eit produsentnummer med registrert hald av svin:

Informasjonsskriv om prosjektet til svineprodusenter (PDF, nmbu.no)