Fjellvettreglar for hunden din
Den som følger fjellvettreglane til Turistforeningen, får ein tryggare skitur, men det er ikkje berre vi tobeinte som møter utfordringar i vinterfjellet. Du må også passe godt på hunden din.
1. Vis respekt for sola
Hundar kan også bli snøblinde dersom dei blir utsette for sterk sol og UV-stråling. Hunder er ikkje like utsette som menneske, men nokre hunderasar (og hundar med nedsett tåreproduksjon) er meir utsette for å bli snøblinde. På fjellet er sola og strålinga sterk, så følg med på korleis hunden ter seg. Snøblindskap viser seg ofte ved at det begynner å renne frå auga, som blir raude og irriterte. Hunden knip igjen auga og søker ofte til mørkare stader for å unngå lys.
2. Unngå at hunden blir solbrent
Hundar kan bli solbrente, og tynnpelsa rasar er meir utsette enn andre. Øyre og nase er særleg utsette, i tillegg til kroppsdelar utan hår og pigment. Solbrentheit viser seg som skarpe raude merke eller i verste fall blemmer. Dekk til hunden eller bruk solkrem viss det er veldig sterk sol.
3. Førebygg såre potar
Sjekk potane jamleg, og gi nødvendig stell og pleie. Lang pels mellom trøputene kan føre til at det dannar seg is- og snøklumpar. Potesalve kan forhindre dette, og det kan også vere lurt å klippe ned pelstustane som stikk ut under labben på hårete rasar (ikkje klipp mellom putene). Ver særleg merksam dersom du har ski med stålkantar.
Sørg for at hunden har velstelte klør. Lange klør sprekk, brekker og flisar seg lettare opp, og kloskadar kan vere veldig smertefullt. Bruk potesokkar dersom hunden har fått skadar eller sår. Sokkar kan også førebygge, men dei må brukast rett så dei ikkje forårsakar ytterlegare skadar og sår.
4. Bruk rett utstyr
Tilpass utstyret, som sele eller kløv, etter hund og behov, slik at det ikkje oppstår gnagsår eller skadar. Ha gradvis tilvenning til nytt utstyr, og ikkje lån av andre.
5. Ikkje legg ut på langtur utan at hunden er trena
Hundar blir også slitne, hugs at du sklir fort av garde på skia. Tilpass fart og turlengde etter kor trena hunden er. Det er tungt for hunden å gå i laussnø og samtidig trekke pulk eller menneske. Tren godt før langturar. Vis også omsyn til andre turgjengarar.
6. Ver rusta mot uhell
Ha med enkelt førstehjelpsutstyr som bandasjar, potesokkar, potesalve, sportsteip og sårsalve. Rådfør deg gjerne med veterinæren din før du reiser til fjells. Kanskje hunden treng andre medisinar eller har spesielle behov?
7. Sjå opp for frostskadar
Hundar kan få frostskadar, og enkelte område på kroppen er meir utsette, som øyre, potar, hale og kjønnsorgan. Dersom uhellet er ute, må du ikkje prøve å gni hunden varm – det kan øydelegge huda. Frostskadar må behandlast av veterinær. Viss du har ein hund med tynn pels, kan det vere lurt å ha med noko han kan ligge på under lange raster ute.
8. Pass godt på kvalpen i kulda
Ikkje alle hunderasar er like godt tilpassa kulde. Du må derfor tilpasse utetida til temperaturen. Kvalpar har ikkje den same evna til å regulere kroppstemperaturen som vaksne dyr, så ta spesielt omsyn til unge hundar. (Skjelving kan vere eit teikn på at hunden frys, men kan også berre bety at han er oppspilt/glad.)
9. Hugs ekstra fôr
Hunden bruker meir energi når han er i aktivitet, og han bruker også meir når det er kaldt, for å halde kroppstemperaturen oppe. Det må du ta omsyn til når du fôrar. Dersom de er på ein krevjande tur, kan det vere lurt å gi ekstra fôr eller tilsetje ekstra feitt i fôret. Hugs flaske(r) med vatn og drikkeskål, også hunden blir tørst.
10. Ikkje gi hunden sjokolade
Hundar toler ikkje stoffet teobromin, som finst i kaffi, te, cola, kakao og sjokoladeprodukt. Sjølv små mengder sjokolade kan gi uregelmessig puls og anding, i verste fall kan hunden bli forgifta. Ligg unna sjokoladesnacks, men hugs dei vanlege godbitane.