Godkjenning av identifikasjonsmerke til dyr

Dyrehelseregelverket krev at dyr av ei rekke artar skal identifiserast ved hjelp av identifikasjonsmerke (for eksempel øyremerke, vombolus eller injiserbar signalgivar (mikrochip)). Formålet er å gjere dyra sporbare. Identifikasjonsmerka skal i mange tilfelle vere godkjente av Mattilsynet.

Publisert

På denne sida finn du som er produsent eller leverandør av identifikasjonsmerke til dyr, ei oppsummering av reglane, ei oversikt over identifikasjonsmerke som kan godkjennast til ulike dyreartane og krava til koding av merka.

Du finn også informasjon om godkjenning og koding av kvite og lakserøde øyremerker som i visse tilfelle skal påsettast sauer, geiter, dyr av kamelfamilien og hjortedyr i tillegg til identifikasjonsmerka.

Søknad om godkjenning av visse identifikasjonsmerke

Viss du ønsker å vere produsent eller leverandør av identifikasjonsmerke til storfe, svin, sauer, geiter, hestedyr, dyr av kamelfamilien, hjortedyr eller fuglar av papegøyefamilien, må du søke Mattilsynet om godkjenning av merka.

Søknaden skal innehalde

  • opplysingar om verksemda (namn, adresse, kontaktopplysingar)
  • opplysingar om identifikasjonsmerket (type, produktnamn/-nemning)
  • dokumentasjon for at identifikasjonsmerket oppfyller krava i regelverket

Last ned skjema: Søknad om godkjenning av identifikasjonsmerke til dyr

Søknad om fornya godkjenning av identifikasjonsmerke

Identifikasjonsmerke til storfe, svin, sauer, geiter, dyr av kamelfamilien eller hjortedyr som er godkjent før 21. april 2021, må godkjennast på nytt dersom dei framleis skal kunne produserast/blir leverte til bruk i Noreg. Overgangsregelen som tillét bruk av identifikasjonsmerke godkjent før 21. april 2021, gjekk ut 20. april 2023. Ved søknad om fornya godkjenning av eit identifikasjonsmerke skal du bruke same søknadsskjema som ved søknad om godkjenning av identifikasjonsmerke.

Søknad om godkjenning av kvite og lakserøde øyremerker som skal påsettast visse dyr i tillegg til identifikasjonsmerka

Ved søknad om godkjenning av kvite eller lakserøde øyremerker, som i visse tilfelle skal påsettast sauer, geiter, dyr av kamelfamilien eller hjortedyr i tillegg til identifikasjonsmerka, skal du bruke same søknadsskjema som ved søknad om godkjenning av identifikasjonsmerke.

Registrering av godkjente merke i Merkeregisteret

Godkjente identifikasjonsmerke til storfe, sauer, geiter, svin, dyr av kamelfamilien og hjortedyr skal registrerast i Mattilsynets merkeregister. Det same gjeld godkjente kvite og lakserøde øyremerker, som i visse tilfelle skal påsettast sauer, geiter, dyr av kamelfamilien eller hjortedyr i tillegg til identifikasjonsmerka. Registreringa blir gjennomført av Mattilsynet etter at godkjenningsvedtaket er gjort. Formålet er å kunne tildele dyr identifikasjonsmerkar som viser unike identifikasjonskodar. For å unngå at eit dyr får same identifikasjonskode som eit anna som er i live på same tid, er dessutan Mattilsynets vanlege praksis å ikkje tildele same identifikasjonskode til eit nytt dyr før det har gått minst ti år.

Godkjente identifikasjonsmerke til hestedyr blir ikkje registrerte i Mattilsynets merkeregister. Inntil vidare er det merkeprodusenten/-leverandøren som tildeler identifikasjonskodar til hestedyr. Mattilsynet vil på sikt vurdere om det er behov for eit nytt system for dette, for å sikre at hestedyr blir tildelt unike identifikasjonskodar.

Tekniske spesifikasjonar for identifikasjonsmerka

Identifikasjonsmerke må oppfylle ei rekke tekniske spesifikasjonar for å kunne godkjennast.

Du finn dei tekniske spesifikasjonane for identifikasjonsmerke til storfe, sau, geit, svin, dyr av kamelfamilien, hjortedyr og fuglar av papegøyefamilien i vedlegg II til forordning (EU) 2021/520, som er gjennomført i landdyrsporbarheitsforskrifta.

Dei tekniske spesifikasjonane for identifikasjonsmerke til hestedyr finn du i vedlegg I til forordning (EU) 2021/963, som er gjennomført i landdyrsporbarheitsforskrifta.

Typar av identifikasjonsmerke som kan godkjennast

Her finn du ei oversikt over identifikasjonsmerke som kan godkjennast til ulike dyrelag og kva kombinasjonar av desse som er moglege:

Oversikt over identifikasjonsmerker som kan godkjennes og mulige kombinasjoner (PDF)

Koding av norske identifikasjonsmerke

Individuelle kodar

Identifikasjonsmerka til storfe, sauer, geiter, hestedyr, dyr av kamelfamilien og hjortedyr skal vise identifikasjonskoden til dyret.

For storfe, sauer og geiter skal identifikasjonskoden til dyret vere samansette av

  1. landskode (NO eller 578)
  2. dyrehald-ID til driftsansvarleg i fødselsanlegget (7 siffer) 
  3. individnummer (5 siffer. For sau/geit skal det første vere lik siste siffer i fødselsåret.)

For dyr av kamelfamilien og hjortedyr skal identifikasjonskoden til dyret vere samansett av

  1. landskode (NO eller 578)
  2. dei 8 første siffera i produsentnummeret til driftsansvarleg i fødselsanlegget (8 siffer) 
  3. individnummer (4 siffer)

(Identifikasjonskodar som er samansette på denne måten kan i praksis ikkje programmerast i elektroniske identifikasjonsmerke. Mattilsynet arbeider for å få løyst problemet.)

For hestedyr skal identifikasjonskoden til dyret vere samansett av

  1. landskode 578 
  2. individnummer (12 siffer)

Identifikasjonsmerke til fuglar av papegøyefamilien skal vise ein alfanumerisk kode.

Anleggsnummer

I visse tilfelle kan identifikasjonsmerke til slaktelam og -kje vise det unike registreringsnummeret til anlegget der dyret er fødd. For identifikasjonsmerke til svin er det alltid krav om at merket skal vise det unike registreringsnummeret til anlegget der dyret er fødd. Dette er samansett av

  1. landskode (NO eller 578) 
  2. dei 8 første siffera i produsentnummeret til driftsansvarleg i fødselsanlegget (8 siffer)

Valfrie opplysingar på identifikasjonsmerke

Identifikasjonsmerke til svin kan innehalde eit individnummer. Dette må vere skilt frå og ikkje kunne forvekslast med eller vanskeleggjere avlesing av det unike registreringsnummeret til anlegget der dyret er fødd.

Valfrie opplysingar kan givast på innsida av vanlege øyremerke.

Restriksjonar på bruk av visse fargar på øyremerke

Fargen kvit skal berre brukast på

  • øyremerke som skal påsettast sauer eller geiter i tillegg til identifikasjonsmerka dersom dyra er overdradd frå ein annan driftsansvarleg i Noreg
  • øyremerke som skal påsettast dyr av kamelfamilien eller hjortedyr i tillegg til identifikasjonsmerka dersom dyra er overdradd frå ein annan driftsansvarleg og flytta til eit nytt anlegg i Noreg

Fargen lakseraud skal berre brukast på

  • øyremerke til storfe, sauer, geiter, svin, dyr av kamelfamilien eller hjortedyr som er importert frå tredjetater (land utanfor EØS)
  • øyremerke som skal påsettast sauer, geiter, dyr av kamelfamilien eller hjortedyr i tillegg til identifikasjonsmerka dersom dyra er flytta til Noreg frå ein annan EØS-stat

Koding av kvite og lakserøde øyremerker

Det kvite eller lakserøde øyremerkte, som i visse tilfelle skal påsettast sauer eller geiter i tillegg til identifikasjonsmerka, skal vise ein kode som er samansett av

  1. landskode (NO eller 578)
  2. dyrehald-ID til ny driftsansvarleg (7 siffer) 
  3. individnummer (5 siffer. Det første skal vere lik siste siffer i fødselsåret.)

Det kvite eller lakserøde øyremerkte, som i visse tilfelle skal påsettast dyr av kamelfamilien eller hjortedyr, skal vise ein kode som er samansett av

  1. landskode (NO eller 578)
  2. dei 8 første siffera i produsentnummeret til ny driftsansvarleg (8 siffer) 
  3. individnummer (4 siffer)

Regelverk

Landdyrsporbarhetsforskriften

Forordning (EU) 2019/2035

Forordning (EU) 2021/520

Forordning (EU) 2021/963