Til hovudinnhald

Utvikling av vaksinasjonsregimer for vaksinering av rognkjeks mot Aeromonas salmonicida

Godkjenningsdato
Godkjent fra
Godkjent til
Rognkjeks har blitt eit viktig verktøy for biologisk avlusing i norsk lakseoppdrett. Bakterielle sjukdommar har blitt ein hovudfaktor for tap av rognkjeks satt ut i laksemerder. Aeromonas salmonicida er det hyppigast påviste bakterielle agenset. Vaksinering av rognkjeks mot A. salmonicida har difor vist seg å vere viktig for overleving. Vaksinering mot A. salmonicida blir gjort med intraperitoneal stikkvaksinering med ein oljebasert vaksine. Resultat har vist at vaksineindusert immunrespons aukar opp til omlag 600 døgngrader etter stikkvaksinering. Det vil imidlertid være ynskjeleg å sette fisken i merder tidligare enn dette etter immunisering. Det er uvisst ved kva antall døgngrader det opptrer ein beskyttande vaksinerelatert immunrespons. Det vil difor vere viktig å få opplysingar om dette for tilpassing av utsett av rognkjeks etter stikkvaksinering. I forsøket vil det bli prøvd om tidleg dyppvaksinering kombinert med stikkvaksinering mot A. salmonicida kan framskynde tidspunktet der vaksinering induserar ein beskyttande immunrespons mot A. salmonicida. Vi vilderfor prøve ut ulike kombinasjonar av dypp og stikkvaksinering for deretter å smitte fisken 300, 450 og 600 døgngrader etter vaksinering. Fisk som ikkje har oppnådd ein beskyttande immunitet vil ha redusert overleving i dette forsøket. Det blir søkt om bruk av 1000 rognkjeks i forsøket. Dette er minste antal fisk som kan brukast og samstudes vere sikker på å oppnå signifikante resultat. Det eksisterer ingen alternative modellar for å kunne måle beskyttande immunrespons. Resultatet av forsøket er forventa å ha stor innflyting på framtidige vaksineregimer for rognkjeks.